Syng på siste verset: Røde Kors-båten i Hordaland er 15 år og syng på siste verset.

Gjekk samrøystes inn for å løyva 25.000

Røde Kors-båten er moden for utskifting.

Os Røde Kors er saman med tre andre Røde Kors-foreiningar engasjert i Røde Kors-båten i Hordaland. Båten er no 15 år og syng på siste verset.

– Vi har mesteparten av finansieringa på plass til ein ny, men treng hjelp frå næringslivet, kommunen, lag og organisasjonar for å koma heilt i mål, opplyste Kristian Strønen i Røde Kors tidlegare i vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordaland har, ifølgje Strønen, flest registrerte fritidsbåtar i landet – og dessverre også flest drukningsulukker.

– Det er difor nødvendig at Røde Kors har høg kompetanse på sjø- og strandredning og aktivitetar rundt førebyggjande arbeid, konstaterer Strønen.

Ein ny båt kostar ca. 8,5 millionar kroner. Hordaland Røde Kors har sett av 5,2 millionar kroner.

I førre veke vedtok eit samrøystes formannskap å løyva 25.000 kroner - 1 kr per innbyggjar - til føremålet.