Gjekk inn for eksperimentet
Med knappast mogleg fleirtal gjekk formannskapet i dag inn for å delta i det treårige prøveprosjektet med statleg kontroll av omsorgstenestene.
Etter at Os isiste liten melde seg på reforma som Frp fekk gjennomslag for i Sundvollen-erklæringa, vart det sist veke kjent atOs kommune vil bli plassert i den strengaste av dei to modellane. I denne modellen mistar Os kommune mest av sin lokale sjølvråderett i dei tre åra prøveordninga varer, men får samtidig truleg størst økonomisk utbyte. I dag hadde formannskapet ekstraordinært møte for å bestemma seg om dei ville takka endeleg ja eller nei til å vera med.
- Berre Frp som vil dette
Etter ein diskusjon om økonomien i prosjektet ville vera gunstig eller ugunstig, kom den vante skiljelinja mellom Frp/H og resten tydeleg fram. Nils-Anders Nøttseter (MDG) var ikkje overtydd etter at helseminister Bent Høie var på besøk forrige veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Slik eg opplevde ministeren ville ikkje han ha innført denne prøveordninga utan regjeringsavtalen. Det er i realiteten ingen andre enn Frp som vil dette, sa Nøttseter.
I lys av diskusjonen om økonomi, sa han at dette ikkje var hans store ankepunkt.
- Det er andre perspektiv eg er meir uroleg over. Til dømes dette at kommunalsjef Borge framleis er negativ. Det som får meg til å landa på nei-sida er at me får større uvisse, mistar lokal sjølvråderett og at avstanden blir større mellom brukarar og vedtaka, sa Nøttseter.
Skal ein driva utan overtid?
Nils-Petter Borge opplyste om at i reknestykket dei hadde fått presentert frå Helsedirektoratet var ikkje overtid rekna inn.
- Me brukar dessverre nokre kroner på overtid kvart år. Kan staten no gå inn og seia at me skal drifta utan overtid?
Tone Hepsøe (Ap) greip fatt i dette, og lurte på om overtidsmidlane i så fall måtte takast utanom budsjettramma frå staten.
- Kan me sikra oss mot at dette prosjektet ikkje stel midlar frå andre tenesteområde?
Rådmann Christian Fotland svarte at med tanke på at Os ligg under landssnittet kva gjeld bruk av pengar per brukar, så vil det truleg vera ein positiv - ikkje ein negativ - effekt for Os å delta.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette er pengar me kan bruka på førebyggjande helsearbeid, eller andre kortsiktige prosjekt gjennom treårs-perioden, sa Fotland.
- Gulerota blir spist av byråkrati
Helge Steinum (Ap) var usikker på om gulerota på 4 prosent ekstra i midlar, var stor nok.
- Det kan sjå ut til at gulerota blir spist opp av at me må auka byråkratiet for å få til dette, sa Steinum.
Frå administrasjonen si side var det opplyst om at 4 nye administrative stillingar må til for å takla den nye måten å jobba på.
Marie Bruarøy (H) svara at ein truleg måtte ha oppbemanna på dette feltet utansett, med tanke på stor folkevekst og auke i brukarar.
Usamde om tap av fleksibilitet
Jon Sivert Rykkel (V) la stor vekt på at han frykta tapt fleksibilitet.
- Eg er veldig positiv til dei kreative løysingane helsetenesta i Os har teke i bruk for å finne gode løysingar i ein situasjon med tronge rammer. Den fleksibiliteten mistar me. Det er også fleire andre usikre faktorar. Er det eigentleg verd det? Nei, eg synest ikkje det, sa han.
Fotland hadde ei innvending til dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er ganske sikker på at helseministeren siktar til forvaltningssida når han seier at fleksibiliteten blir mindre. Ikkje på behandlingssida. Me kan ikkje gå med på at me ikkje skal ha fleksible løysingar. Ute i tenestene trur eg det blir som før. Dersom det blir behov for å fleksa på ein nattevakt, eller at nokon må gå litt lenger på vakt ein kveld fordi ein brukar har ein dårleg dag - alt dette vil sjølvsagt skje som før, sa Fotland.
- Fråskriv oss lokal tilpasning
Tone Hepsøe innvende at det stod i dokumentasjonen dei hadde fått frå Helsedirektoratet at Os kommune ved å takka ja "fraskriver seg muligheten til å tilpassa tjenesten etter lokale behov".
Men ordførar Terje Søviknes støtta rådmannens tolking, og sa at dette tapet av lokal sjølvråderett berre gjaldt vedtaka for kva nivå tenestene skal gjevast til brukarane.
- Det er ikkje alle kommunar som har ei forvaltar-eining (slik Os kommune har hatt i ei årrekkje). Det må alle ha no. Det er på det nivået ein mistar fleksibilitet. Men kommunen står framleis som utøvar. Korleis me organiserer tenesta, og korleis me klarer å gje tenesta som vedtaket heimlar, har me framleis fleksibilitet til å gjera som me sjølve vil, sa Søviknes.
Vedtak
Framlegg til vedtak vart lagt ned i to punkt. Det første var ja eller nei til å delta i prøveprosjektet.
(5 røyster og vedteke: 3 Frp, 2 H)
Det andre handla om at kommunen ber om at dei faktiske pensjonskostnadene blir lagt til grunn for prismodellen.
(samrøystes)
Artikkelen held fram under annonsen.