Av dei mange som kom innom då me var der, var Gislaug Sandvik. 95-åringen hadde god hjelp av svigerdotter Anny Sandvik.
Av dei mange som kom innom då me var der, var Gislaug Sandvik. 95-åringen hadde god hjelp av svigerdotter Anny Sandvik.

Gislaug (95) nytta røysteretten

- Eg må ha hjelp. Me må alle ha hjelp før eller seinare, sa Gislaug Sandvik då ho hadde gjort si borgarplikt ved Fusa ungdomsskule i føremiddag.

Vallokala både til kyrkje- og kommune-/fylkestingsvalet i Eikelandsosen er på Fusa ungdomsskule.

- Det er eit jamt sig, dei går begge stader, seier Randi Karin Øvreås, leiar i røystestyret for Fusa sokneråd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er første gong Øvreås er med i røystestyret.

Av dei mange som kom innom då me var der, var Gislaug Sandvik. 95-åringen hadde god hjelp av svigerdotter Anny Sandvik.

- Eg må ha hjelp. Me må alle ha hjelp før eller seinare, sa Gislaug då ho hadde gjort si borgarplikt.

Klar melding

I rommet for kommune- og fylkestingsvalet var det ei litt meir alvorleg stemning. Magne Gjernes viste veljarane kor dei skulle gjera kva: Eit raudt ark for kommuneval og eit blå for fylkestingsval. Line Ragnhildstveit streka folk ut av manntalet og skulemannen Arnljot Fosse stempla røystesetlane (som likna litt på omslaget til ei meldingsbok) før dei gjekk i urna som blei vakta av Hugo Rød.

Nokon røysta med hjarta, andre med hovudet og nokre med begge deler, men ingen ville bli sitert på det. Det viste seg at avisa helst ikkje burde stilla spørsmål i lokalet. Og ikkje utanfor lokalet heller viste det seg, så då var det berre å gå.

Ein ny utkant

Heldigvis trefte me ein kjenning på veg ned til parkeringsplassen.

- I år blir det eit personval, og røysting på eit parti eg ikkje trudde eg skulle røysta på, fortalde Jørgen Fagerthun.

Han hadde følgt litt med på diskusjonane på Facebook-sida «Kvardagsprat i Fusa», men meinte det burde ha vore større takhøgde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg registerer at somme har meldt seg ut fordi dei kjenner seg mobba. "Kvardagsprat" er ikkje noko formelt møte, så litt må ein tåla, meinte Fagerthun.

Han meinte valdebatten har handla mest om skule, og alt for lite om om alle dei andre viktige sakene.

- Men om fire år betyr det svært lite kva fusingane meiner - når me er blitt ein utkant i ein ny Os kommune eller Kvam kommune. Kanskje då fusingane til slutt får noko felles?