Anne Kristine Tøsdal har vore senterleiar ved Amfi Os i åtte år. (Arkivfoto)
Anne Kristine Tøsdal har vore senterleiar ved Amfi Os i åtte år. (Arkivfoto)

Gir seg som senterleiar, prioriterer familien

Etter åtte år som senterleiar sluttar Anne Kristine Tøsdal som senterleiar ved Amfi Os.

Anne Kristine Tøsdal oppgjev omsynet til familien som årsak.

- Eg har alltid kjempa for kvinner i leiarstillingar, så det er med blanda kjensler eg har sagt opp. Men jobben stel diverre for mykje fokus frå familien. Eg har rett og slett lyst til å bruka meir tid på mine born på 9 og 4 år, seier Tøsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som senterleiar har ho sjeldan kunna leggja frå seg arbeidet på kontoret.

- No ser eg meg om etter ein femti prosent jobb med litt mindre ansvar, seier ho.

Går så det susar

Tøsdal blir verande i stillinga ut oktober. Ny senterleiar er vonaleg tilsett i løpet av august.

- Det vert nok mykje å setja seg inn i, men vedkomande kjem til duk og dekka bord. Amfi Os går så det susar. Eg er stolt av det eg leverer frå meg, seier Tøsdal.