Hamnevegen: Alle naudetatar har rykt ut til bubilcampen i Os etter ein mogleg gassalarm.

Gassalarm avblåst: Brannvesenet tok seg inn i campingvogn

Alle naudetatar rykte ut etter at ein alarm vart utløyst frå ei campingvogn i Os sentrum.

Klokka 12.36 rykte politiet ut til Hamnevegen i Os sentrum etter at ein alarm i ei av vognene vart utløyst.

Politiet mistenkte at det var ein gassalarm, skriv Vest Politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 12.55 opplyser politiet at det ikkje er utslag på gass i gjennomførte målingar.

Dei var i kontakt med eigaren per telefon, og fekk opplyst at det ikkje var personar i vogna.

Politiet venta til eigaren kom til staden og fekk låst opp vogna.

Mannskap frå Bjørnafjorden brann og redning tok seg då inn i vogna og fekk slått av gassen. Det dreier seg truleg om ein feil ved alarmen, og dette vert undersøkt vidare.