Går klar Synne
Både osingar og fusingar kan slappa av: Me går klar ekstremnedbøren Synne.
Det har i lengre tid vore meldt ekstremnedbør over Vestlandet denne helga. Natt til laurdag regna det kraftig og blåste opp mot storm mot kysten. Meldingane for resten av helgen er likevel oppløftande for osingar og fusingar.
- Slik eg ser det går både Os og Fusa klar ekstremnedbøren Synne. Det er nok dei lengst syd i Hordaland og Rogaland som får dei største nedbørsmengdene. Faktisk så mykje som inntil 170 mm dei neste 24 timane, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, Dag Kvamme.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil bli vått
Han trur likevel folk ikkje skal rekna med at dei kan gå tørrskodde gjennom gatane utover laurdagskvelden og søndag.
- Nei, det kjem bra mengder med regn også i Os og Fusa. Etter det eg kan sjå her må de rekna med 20-50 mm dei neste 24-timane.
- Vert det mykje meir vind?
- Nei, ikkje så veldig. Det blåste kraftig natt til i dag (laurdag), men no har vinden løya. Utover søndag kveld kan det blåsa litt opp igjen, men truleg ikkje opp mot storm for de som bur i dykkar område, avsluttar Kvamme