- Gangstien er ei trafikkfelle
- Os kommune bryt lova om byggjegrenser mot offentleg veg, krav om frisikt og trafikktryggleik. Dette skaper ei trafikkfelle for borna på Lunde skule, seier Erling Lunde.
Wenche M. Eriksen
wenche.eriksen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Erling Lunde bur i Monsavegen, like ved Lunde barneskule i Os. I 1993 eksproprierte kommunen ein del av tomta hans (40 x 6 m), for å kunna laga ein gang- og sykkelsti mellom skulen og Monsavegen.
- Både langs Monsavegen og mot næraste nabo hadde eg hekk og prydplanter. Men kommunen gav meg pålegg om at all vegetasjon måtte bort for å gje fri sikt og tryggja utkøyringa til Monsavegen, fortel Lunde.
Planen var at kommunen skulle setja opp gjerde på begge sider av stien. Hekken vart difor fjerna, og gangstien blei bygd.
Nabo bygde trevegg
- Det vart berre sett opp gjerde langs vegen inne på mi side av gang- sykkelvegen. Ei stund seinare starta naboen å byggja ein garasje og ein 30 meter lang trevegg langs stien - nøyaktig der min hekk hadde stått. Bygget og tregjerdet blokkerer etter mitt syn minst like mykje for frisiktsona som den gjennomsiktlege hekken min gjorde, seier Erling Lunde.
Det har grodd mykje til langs gangvegen, og det er ikkje lett å sjå om det kjem bilar køyrande på Monsavegen når du kjem ut frå gang- og sykkelstien.
- Kva med byggjegrensa?
Lunde er svært kritisk til at kommunen har tillate naboen å byggja så nær gangstien.
- Ifølgje Fylkesmannen er det forbode å byggja nærare enn 15 meter frå ein gang- og sykkelveg. Her er det berre litt over ein meter avstand til vegen. Dei har oversett både 15 meters-regelen og den vanlege byggjegrensa på fire meter, seier han.
- Kva er ditt konkrete spørsmål til kommunen?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg vil berre vita kvifor min hekk måtte bort for å sikra fri sikt, når kommunen like etterpå tillét naboen å byggja ein stor garasje med eit langt og tett gjerde langs gangvegen.
Kjente ikkje til lova
I februar i år sende Lunde brev til Sivilombudsmannen og bad om at det måtte leggjast press på kommunen for å få dei til å svara på breva han har sendt inn. Litt seinare skriv han eit brev til Fylkesmannen (dat.15.06.15) der det går fram at han no har fått svar frå kommunen.
I brevet skriv plan- og utviklingssjef i Os, Aina Tjosås, at garasjen på gnr 45, bnr 131, vart omsøkt og godkjent av kommunen i 2009. Først under handsaminga av byggjesøknaden på ein naboeigedom vart kommunen merksam på 15 meters grensa til gang- og sykkelvegen, og at ein skulle ha søkt om dispensasjon.
Først i mai 2014 fekk Plan- og bygningsutvalet dispensasjonssøknaden på bordet, og søknaden vart godkjent. Men like etterpå oppheva Fylkesmannen vedtaket på grunn av manglande grunngjeving for dispensasjonen.
- Slik står saka per i dag. Om det vart gjort eit uheldig vedtak ein gong, let det seg ikkje reversera no. Konklusjonen vår er at tiltaket på 45/131 er oppført i samsvar med godkjenning, og at det såleis er eit lovleg tiltak, seier Aina Tjosås
Dette er ikkje Erling Lunde samd i.
- Då kommunen rydda vekk hekken min, kjente dei godt til paragraf 70 i Plan- og bygningsloven. Her står det at bygg ikkje skal førast opp nærare enn fire meter frå nabogrunnen. I tillegg skal kommunen sjå til at veglova om byggjegrense og frisikt vert fulgt.
Trafikkfelle
I ein artikkel (sjå faksimile) skreiv «Os og Fusaposten» at ungane som kom frå Lunde skule, sykla rundt sperra som var sett opp mot Monsavegen, og at det skapte farlege trafikksituasjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Borna som kjem syklande ned vegen i dag, kjem seg ikkje rundt sperra, men dei stoppar heller ikkje opp og går av sykkelen når dei skal ut i vegen. Dei kjem gjerne ut på Monsavegen i ubalanse på grunn av redusert fart gjennom bommen.
Lunde peikar på at det er ein god del trafikk på Monsavegen, men det er ikkje eit einaste fartsgrenseskilt eller varselskilt som viser at det er ein utgang frå gang- og sykkelveg.
- Kven har ansvaret?
- Kvifor sørgjer ikkje Os kommune for å fjerna vegetasjonen, slik at det er frisikt og trygg utgang frå gang- og sykkelvegen mot Monsavegen?
- Etter det eg kjenner til eig kommunen berre den øvste delen av gangvegen, resten av vegen er i privat eige, fortel plansjefen.
- Etter det Lunde fortel, eksproprierte kommunen grunnen der gangvegen ligg i 1993. Er det ikkje vegen kommunen sitt ansvar då?
- Det må eg sjå litt nærare på. Dette har med trafikksikring å gjera, og det er jo ei sak for seg. Eg kan i alle høve melda frå om dette til trafikksikringsutvalet, slik at dei kan vurdera saka og sjå kva som må gjerast, seier ho.
Like etterpå får me ein e-post med følgjande melding:
Kommunen er ikkje eigar av gang- og sykkelvegen, men har ansvaret for vedlikehald. Kantklipping er på gang i heile kommunen, og det vil bli gjort ei vurdering av denne vegen også.