Gå for regnskogen
Fusinganes Hopp-i-fjorden-arrangement i samband med TV-aksjonen 2014, vart ein stor suksess. I år vil Fusa frivilligsentral at fusingane skal gå tur. Til inntekt for Regnskogfondet.
Camilla Kvamme
Artikkelen held fram under annonsen.
camilla.kvamme@osogfusa.no
- Det er jo friluftslivets år, seier leiar for Fusa frivilligsentral, Bodil Samnøy.
Saman med Hans S. Vindenes, Erik Vangsnes og Bjørghild des Bouvrie har ho danna ein komité i samband med årets innsamling.
Målet er å få næringslivet i Fusa til å sponsa turgåarar som i perioden 1. til 15. oktober skriv seg inn i turbøkene på sju ulike turmål i kommunen.
- I fjor fekk vi inn meir enn 40.000 kroner frå næringslivet i Fusa. Håpet er at verksemdene skal vera interesserte i å sponsa kvar enkelt turgåar. Vi startar ringerunden over helga, fortel Samnøy.
Sju turmål
Turmåla komiteen har plukka ut er: Dallandsstølane, Ludden, Hafskorvatnet, Ådlandssetret, Storetjørn, Langedalsvatnet og Revnasetret. Turmåla er spreidd over heile kommunen.
- Dette er turar som vert mykje brukt av folk i Fusa. I tillegg er det korte turar som passar for heile familien, seier Samnøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dess fleire som går, dess meir pengar vert det i kassen for TV-aksjonen, og for Regnskogfondet.
- Håpet er at vi skal få både barnehagar, skular og tilsette på dei ulike arbeidsplassane i kommunen til å vitja desse turmåla i løpet av perioden, fortel Samnøy.
Helse, solidaritet og gode opplevingar
260 millionar menneske har regnskogen som sin heim. Årets TV-aksjon, som går av stabelen sundag 18. oktober, skal bidra til å bevara regnskogane i Brasil, Peru, Indonesia, Papua Ny-Guinea og DR Kongo.
I tilegg til å prøva å få næringlivet med på laget, har Fusa frivilligsentral ansvaret for å koordinera innsamlingsaksjonen i Fusa.
- Målet med turprosjektet er sjølvsagt å skaffa pengar til TV-aksjonen. Men det er også eit godt tiltak for å få folk ut på tur i Friluftslivets år. På den måten vert det helse, solidaritet og gode opplevingar i kvar krone, seier Samnøy.