Fyrverkeri for seint på kveld?
Fleire meiner at når kommunen først vil laga fyrverkeri-show for heile familien, så bør det skje før leggetid.
I år som i fjor fann den særeigne Os-tradisjonen med fyrverkeri første nyttårsdag stad i Os sentrum. Arrangementet var godt besøkt, men i år oppstod eit problem som ikkje var der i fjor.
Rakettane blei sendt opp klokka 20, og det syntest fleire var seint med tanke på at neste dag var skuledag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ekskluderer små born
Diskusjonen gjekk nokre timar fram og tilbake på facebook.
- Kvifor blir rakettane sende opp så seint? Er det berre eg som har born som skal på skulen att i morgon, spurde ei mor, og ymta frampå at klokka 18 hadde vore meir passande..
Ved overgangen frå 2015 til 2016 fall første nyttårsdag på ein fredag, slik at ungane då hadde både laurdag og sundag å henta seg inn på.
Mora fekk mange svar på førespurnaden.
- Eg skjønar ikkje poenget når ein først lagar til familiefest, og så ekskluderer halvdelen av familien, sa ei kvinne.
Ikkje alle var einige med desse to.
- Same kva tidspunkt ein hadde valt, ville nokon vore usamd. Eg vel å ikkje asa meg opp over eit positivt arrangement som skjer i bygda, sa ei anna tobarnsmor.
Vil vurdera å endra praksis
Osingane må venta til 2021 før 1. nyttårsdag fell på ein fredag att, så 1. nyttårsdag vil med andre ord bli etterfølgt av ein skuledag dei komande åra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Marie Bruarøy hadde alt fått med seg diskusjonen på sosiale medier.
- Eg har notert ønsket, og kan seia såpass at arrangementskomiteen vil vurdera å flytta tidspunktet til neste år.
Fredrik Røttingen i ProPyro seier at så lenge dei får ønsket inn i god tid, er det uproblematisk å framskunda rakettoppskytinga.
- For vår del er det uansett kjekt å få vera med å bidra til samlinga i sentrum på første nyttårsdag, seier Røttingen.