Kan få nytt studieløp: Om Fusa vidaregåande skule får det som dei vil, kjem det eit nytt studieløp på skulen.

Fusa vidaregåande ønskjer å oppretta nytt studieløp på skulen

Søkjer i første omgang om ein klasse på 15 elevar.

Skulen har søkt om uttale frå Bjørnafjorden kommune, då dei ønskjer å etablera ei treårig helse- og oppvekst-utdanning.

— Det betyr at dei tek programfaga innan helsefagarbeidar og allmenn påbygg inkludert. Det er svært gode tilbakemeldingar frå skular som har dette tilbodet, til dømes Nordahl Grieg. Vi ønskjer å tilby dette til ungdom i vår kommune, skriv rektor Inger-Elin Epland til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei ønskte å få uttalen innan august, og kommunen har svart at dei er svært positive.

— Vi opplever eit stort behov for fleire fagutdanna til dei kommunale tenestene, særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og det aktuelle utdanningstilbodet kan bidra til å styrkja rekrutteringa til desse yrka. Ut frå den demografiske utviklinga er det venta at behovet for slik kompetanse berre vil auka i åra framover, skriv kommunen i svaret frå kommunen, signert kommunalsjef helse og velferd, Monica Totland Melvold.

Ser eit behov: Rektor Inger Elin Epland skriv i søknaden at det er elevgrunnlag for eit nytt tilbod — utan at det skal gå ut over tilbodsstrukturen som skulen har i dag.

I søknaden, som skal opp til handsaming i fylket, skriv rektor Epland at det dei siste åra har vore stor søknad til helse- og oppvekstutdanninga, både den tradisjonelle 2+2-utdanninga og TAF-helse.

Det er årleg om lag 20 søkjarar til TAF-helse. Av desse vert det teke inn frå fem til sju elevar. Skulen meiner at det blant dei som ikkje får plass, truleg vil vera fleire potensielle søkjarar til eit treårig opplæringsløp. Fleire rådgjevarar på ungdomsskulane i området skal ha gjeve uttrykk for at dette er ei utdanning som elevar spør etter.

— Samla sett meiner difor Fusa vgs at det er elevgrunnlag for eit nytt tilbod utan at det skal gå ut over tilbodsstrukturen som skulen har i dag, skriv Epland.