- Eg har aldri vore så spent framføre eit val som i dag, seier Aps Atle Kvåle.
- Eg har aldri vore så spent framføre eit val som i dag, seier Aps Atle Kvåle.

FUSA: - Vi har aldri vore i nærleiken av noko liknande

Dei ferske tala bekreftar Aps knallval. Senterpartiet har kome sterkt tilbake. Men er det likevel duka for Atle Kvåle i ordførarstolen?

Kl 2315: Slik er prosent- og mandatfordelinga når 95 prosent av røystene er talde opp:

Sp 27,3%

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap 25,8%

H 15,1%

Frp 12,3%

Mange politikarar var samla på Kommunetunet i Eikelandsosen i samband med opptellinga av røystene.
Mange politikarar var samla på Kommunetunet i Eikelandsosen i samband med opptellinga av røystene.

KrF 9,7%

V 4,8%

SV 2,9%

MDG 2,2%

Mandatfordeling:

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap 6 (+3)

Sp 6 (0)

H 3 (0)

Frp 3 (-1)

KrF 2 (-1)

V 1 (0)

SV 0 (-1)

- Godt utgangspunkt for forhandlingar

- Vi er kjempenøgd med valet. Fusa Ap har alltid vore eit lite parti. Dette er vår beste oppslutnad noko sinne, seier Atle Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidarpartiets ordførarkandidat meiner valresultatet gjev partiet eit godt utgangspunkt for å forhandla med dei andre partia. Han vedgår at han aldri har vore så spent framføre eit val som i dag.

- Vi var veldig spente på korleis diskusjonane kring ny skulestruktur ville slå ut. For vår del har det gått bra. Det viser at det er mange som er komfortable med å redusera talet på skular i Fusa, seier Kvåle.

Noko feiring vert det ikkje. I alle fall ikkje før konstitueringa er over i slutten av oktober.

- Vi må finna ut kven vi vil setja oss ned og forhandla med, og så tek vi det derifrå, seier Kvåle og legg til:

- Men eg er veldig optimistisk med tanke på forhandlingane.

I budsjettarbeidet før jul og i skulestruktursaka har Ap samarbeidd med Frp, KrF og V. Om samarbeidet held fram vil partia ha til saman 12 mandat, medan Sp og Høgre har 9.

- Situasjonen er ekstremt komplisert

For nokre timar sidan såg det ut til at Senterpartiet var i ferd med å mista halvparten av mandata sine. No er situasjonen heilt annleis.

Senterpartiet mister ifølgje dei siste prognosane ingen mandat. Partiet får rett nok hard konkurranse frå Ap, som ser ut til å få like mange representantar i kommunestyresalen i komande periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Situasjonen er ekstremt komplisert. Ap har gått inn for å leggja ned skular. Sp har gjort det motsette. Sånn sett er den parlamentariske situasjonen vanskeleg. Vi må jobba hardt for å få på plass eit styringsdyktig fleirtal i kommunen, meiner Lang.

Ifølgje Lang viser valresultatet ein sørgjeleg, men tydeleg tendens.

- Det er bygdene mot bygdene. Sett frå min ståstad, er det ikkje ein ønskjeleg situasjon, seier Senterpartiets ordførarkandidat.

Kl 2130: 20 prosent av røystene i Fusa er opptalde og Arbeidarpartiet ser ut til å gjera det veldig sterkt. Med ein framgang på 9 prosentpoeng frå 16,4 til 25,5, er dei ikkje lenger avhengige av Venstre for å skapa eit fleirtal i lag med Frp og KrF. Desse to går tilbake i høve 2011. Frp går frå 22,3 prosent til 15,2 prosent, og KrF går frå 12,7 prosent til 10,6. Med Ap har dei eit fleirtal (51,3 prosent) for tre av partia som har markert seg som samde i skulestruktur-saka. Venstre har også vore på parti med desse, og med eit sterkt Venstre på laget får dei solide 58,5 prosent ifølgje førehandsrøystene.

Mandatendring

Arbeidarpartiet går frå 3 til 5 mandat.

Frp mistar eitt mandat.

Sp mistar to mandat, og er berre 10 røyster unna å mista eit tredje.

KrF mistar eitt mandat

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljøpartiet Dei Grøne kjem inn med eitt mandat

Venstre går fram frå eitt til to mandat. Venstre er berre fire røyster unna frå å vinna eit tredje mandat.

kl 20:

Her kjem «Os og Fusaposten» sine tal og analysar av valresultat frå Fusa ut over kvelden. Dei to meiningsmålingane «Os og Fusaposten» har publisert, tyder på at Frp går tydeleg tilbake i forhold til valet i 2011, medan Ap går tydeleg fram. Men det treng ikkje bety så mykje i Fusa, der det kan liggjan an til at desse to partia finn kvarandre i skulestruktur-saka. Meiningsmålingane viser at dei kan få fleirtal i lag med KrF og Venstre.