Fusa: Ope møte om tilskot til kultur
Fusa kommune inviterer til ope møte i morgon, der temaet er ulike tilskotsordningar til idrett, friluftsliv og kulturbygg, samt nærmiljøsatsinga for merking av turstiar i 2016.
Fusa kommune og Fusa turlag har fått tilskot til etablering av turstiar i nærmiljøet som ein del av det nasjonale turstiprosjektet, noko Os og Fusapostenomtalte i sommar.
Kommunen har invitert velforeiningar, skular, barnehagar, idrettslag og andre til å koma med forslag til nye nærmiljøstiar i sitt nærmiljø. I denne omgang vil ein prioritera lette turar og stiar som tek utgangspunkt i bustadområde. Gjerne slik at barnehage og skule kan nytta stien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er høve til å leggja til rette for heilt nye stiar eller oppgradera eksisterande.
Orientering om tilskotsordningar
Andre saker som er på agendaen i morgon, er orientering om tilskotsordningar til bygging av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, friluftsanlegg og lokale kulturhus.
Mellom anna blir det gjennomgang av søknadsprosedyre, bruk av søknadsskjema, momsreglar og momsrefusjonar både for statlege spelemidlar, kommunale tilskot til idrettsanlegg og fylkeskommunale tilskot til lokale kulturbygg.
Møte vert i Kommunetunet i Eikelandsosen.