Fusa: Kvinne og born til legevakt etter bilulukke
Ein bil er køyrt inn i ein annan ved Tombre. Tre er sendt til legevakt. - Svært glatt på staden, seier politiet.
Like etter klokka 10 i dag tidleg fekk politiet melding om ulukka.
- Ulukka skjedde ved Tombre, nær Skogseidvatnet. Ein bil stod fast på staden, då ein annan bil køyrde inn i bilen, seier Frode Koltveit ved Hordaland Politidistrikt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre til legevakt
Til saman var det fire personar i dei to involverte bilane. I den eine bilen var det ei kvinne og to born. Desse vart lettare skadd, og vart køyrde i ambulanse til legevakt i Bergen.
- Det er snakk om naseblod, vondt i ein rygg og ein fot, seier Koltveit.
I tillegg til nødetatane som kom raskt til staden, bistod også Ølve bilberging.
Vegen stengt
Det er svært glatt på staden, og politiet har midlertidig stengt vegen.
- Det blir no strødd meir på staden, seier vakthavande politibetjent.