Atle Kvåle på besøk i Os, viser kvar hovudvegen frå Bergen til Oslo bør gå i framtida. Via Fusa, sjølvsagt.
Atle Kvåle på besøk i Os, viser kvar hovudvegen frå Bergen til Oslo bør gå i framtida. Via Fusa, sjølvsagt.

- Fusa kan bli til Bergen det Asker er til Oslo

E134 gjennom Fusa vil gje bygda ein heilt annan posisjon i fylket. I dag sende ordførar Atle Kvåle brev til departementet.

Kommentaren frå ordføraren i Fusa referer til rykta som går i Os om atenkelte har teke til å sjå Os som "Bergens Bærum". Også Fusa vil bli sett i eit heilt nytt lys dersom E134 skal gå gjennom bygda, som ikkje er heilt usannsynleg.

- Midthordland er ein svært spanande region der det vil skje mykje verdiskapning framover. Det er ikkje store avstandar her, me må berre få god nok infrastruktur på plass, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ministersvar før jul?

Og der kjem hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet inn i biletet. Som «Os og Fusaposten»skreiv sist veke, tyder nemleg mykje på at regjeringa vil gå for E134 over Haukeli som ein av to hovudtraséar over fjellet. Dette i lys av at Vegvesenet har lagt fram si utgreiing om vintersikkert vegsamband mellom dei to landsregionane. Dei rår til at regjeringa går inn for full utbygging av E134 frå Drammen til både Haugesund og Bergen. Truleg går samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ut med regjeringas offisielle posisjon snart, kanskje alt før jul.

Brev til departementet

Resultatet kan bli at hovudvegen mellom Oslo og Bergen i framtida kjem til å gå gjennom Fusa og Os. I så fall må ein få på plass ein "hordalandsdiagonal" som går frå Odda til Bergen. Ordføraren i Fusa sende i dag brev til samferdsledepartementet der han mellom anna argumenterer for akkurat kvar vegen bør kryssa Hordaland.

- Eg tilrår at hordalandsdiagonalen må gå frå Odda, via Jondal og Kvam og vidare. Dermed er det einaste naturlege å la vegen gå vidare via Fusa og vidare til Os. Når ein først byggjer firefelts motorveg frå Bergen til Endelausmarka bør jo vegen koplast på der. Det er ein missing link i midthordlandsområdet, seier Kvåle.

Samtidig skriv han at bør på plass ein sunnhordlandsdiagonal (via Etne/Kvinnherad/Tysnes), som koplar E134 på Haugesundsregionen.

- I tråd med regjeringsplattforma

I brevet argumenterer han også med at regjeringa i sin plattform (Sundvolden) nettopp lovar å investera i lønsame hovudvegprosjekt som knyter Noreg saman.

- Kost/nytte-tala ved å byggja E134 til Haugesund er fantastiske. Knyter du til ein Hordalandsdiagonal til Bergen gjennom vårt område blir det endå meir fantastisk, seier Kvåle.

I brevet tilrår han difor at det blir igangsett eit eige KVU (konseptvalutgreiing) for dei to diagonalane.

Etterlyser sørleg traséval no

Det finst mange usikre moment framleis. På Stortinget er det blant anna ulike syn på kva som skal vera den andre hovudvegen aust-vest. Riksveg 52 over Filefjell er eit alternativ.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Trass i at det er ulike syn på dette, vil me oppfordra til at det blir konkludert for sørleg trasé no. Me treng eit raskare og meir påliteleg vedsamband så snart som råd, konkluderer ordføraren i brevet.