Fusa inngår avtale med Barnevernvakten i Bergen
Frå 1. april fekk barnevernet i Fusa eit akuttilbod utanom kontortid. Det syter ein vertskommuneavtale med Bergen kommune for.
Alle born i Fusa kommune som treng akutt hjelp frå barnevernet, vil frå 1. april bli tekne hand om av Barnevernvakten i Bergen.
- Det er heldigvis sjeldan i vår kommune, men av og til treng born hjelp utanom kontortid. Då er det godt å vita at behovet er ivareteke ved at Barnevernvakten i Bergen kan rykka ut, seier barnevernseiar i Fusa, Line Åsvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tyngre og fleire
Barnevernet i Fusa har i dag 30 born i ulike hjelpetiltak.
Åsvang fortel at dei har opplevd ein betydeleg auke i meldingar til Barnevernet, spesielt frå 2011.
- Vi får ikkje så mange akutte saker, men meldingane har samstundes vorte meir alvorlege og komplekse, seier ho.
- Kva trur du er årsaka til dette?
- Det handlar nok meir om at dei som arbeider med born og unge har større kompetanse om sårbare born og varslar, enn at talet saker aukar.
Auken i meldingar handlar i liten grad om rus, men femner om alt frå vald og psykisk helse til foreldre som treng rettleiing.
- Desse sakene krev mykje av oss. Ikkje minst treng vi brei, tverrfagleg kompetanse og eit godt samarbeid med til dømes polit, lege og helsestasjon. Heldigvis jobbar vi svært godt og tett saman her i Fusa, seier Åsvang.
Stabil stab
Barnevernsleiaren fortel også om ein stabil stab som gjer det lett å ta kontakt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er klart det er lettare å ringa til oss når ein kjenner oss og veit kven vi er. At vi fangar opp fleire saker, heng nok saman med nettopp dette og, seier ho.
Stadig fleire foreldre oppsøkjer dessutan barnevernet for å be om hjelp.
- Korleis møter de til dømes ei mor som kjem på kontoret og ber om hjelp?
- Då set vi oss ned og lyttar. Vidare vil vi kartleggja situasjonen i samråd med foreldra, og setja i verk riktige tiltak, seier Åsvang.
Hjelp og kontroll
- Vi har mange ulike vegleiingstiltak å tilby, og gjev gode råd frå dei aller minste til tenåringane, seier Åsvang.
Det kan handla om alt frå små born som ikkje blir møtt på ein god måte fordi foreldra slit sjølve, eller ungdomar i randsona med rus, skulking og åtferdsproblem.
Åsvang strekar under at sjølv om Barnevernet har kontrollansvar, så er dei fyrst og fremst ein hjelpeinstans.
- Veldig mange er glade for den hjelpa dei får.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spennande prosjekt
I fjor søkte Fusa kommune prosjektmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til å utarbeida ein samhandlingsmodell knytt til barn som pårørande av foreldre med rusmisbruk, psykisk sjukdom, eller alvorleg somatisk sjukdom.
Arbeidet er tverrfagleg med ein representant frå PPT, helsestasjon, barnevern og psykisk helse.
- Dette arbeider vi med i desse dagar og prosjektet skal vera ferdig i løpet av året, seier Åsvang.