Gåveutdelinga var eit naturleg høgdepunkt under årets juleavslutning. (Alle
Gåveutdelinga var eit naturleg høgdepunkt under årets juleavslutning. (Alle

Fusa-elevar delte ut julegåver til flyktningar

Fusa vidaregåande si juleavslutning fekk ein ekstra dimensjon i dag, då elevane delte ut julegåver til flyktningane.

Etter idé frå inspektør Gro Fjelltvedt starta elevane på Fusa vidaregåande skule gåveinnsamling for flyktningane i kommunen. På berre få veker fylte det seg opp med gåver under juletreet i kantina.

- Elevane har vore svært gåvmilde, smiler nestleiar i elevrådet Amalie Holmefjord, som i lag med resten av elevrådet tok med ideen frå Fjelltvedt ut i klassane.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag vart juletreet flytta frå kantina og inn i gymsalen, der juleavslutninga vart avrunda med utdeling av gåver til takksame flyktningar. Klede og leiker var mellom tinga som vart overrekt.

Gåveutdelinga var eit naturleg høgdepunkt under årets juleavslutning, men det var også mykje fin song og musikk og mange innslag i regi av elevane. Assisterande rektor Hildegunn K. Andersen helste god jul til elevar og tilsette. Det vart også informert om skulen sitt engasjement i Hjelp Moldova-prosjektet.