Den nye gjenvinningsstasjonen verkar vera populær.
Den nye gjenvinningsstasjonen verkar vera populær.

- Fusa dreg opp snittet

Tina Skudal i BIR kjem med positive nyhende frå Fusa gjenvinningsstasjon. - I fjor var det 50,19 prosent fleire som vitja gjenvinningsstasjonen i forhold til 2015, seier Skudal.

I sommar opna den nye gjenvinningsstasjonen i Fusa. Det ser ut til å ha gjeve eit solid positivt resultat.

- I 2015 var det 2120 kundar. I fjor var det 3184 kundar. BIR-stasjonane i snitt hadde ein auke på 6,62 prosent. Fusa dreg opp snittet, sjølv om det er mykje færre kundar totalt som vitjar Fusa i forhold til for eksempel Espehaugen. Der var det nesten 130.000 kundar i fjor, seier Skudal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mykje fint i brukthallen

På den nye gjenvinningsstassjonen har dei fått brukthall, der ein kan levera frå seg fullt brukbare ting som ein ikkje ønskjer å ha lenger.

- Eg har høyrt at det er mykje fint i brukthallen, og at mange i Fusa har vore nysgjerrige og teke turen innom, seier Skudal.

Kommunikasjonsrådgjevaren har også besøkstal for gjenvinningsstasjonen i Os.

- Der er det også positive tal, med ein besøksvekst på 9,81 prosent. 34.222 vitja gjenvinningsstasjonen i fjor. Talet frå 2015 er 31.165, seier Skudal.