Fusa gjer det også godt blant landets kommunar med ein 27. plass i Forburkerrådets testar. Os kjem på 249. plass på landsbasis. (Ilustrasjonsfoto)
Fusa gjer det også godt blant landets kommunar med ein 27. plass i Forburkerrådets testar. Os kjem på 249. plass på landsbasis. (Ilustrasjonsfoto)

Fusa beste kommune i Hordaland

Fusa kommer tronar heilt øvst i Hordaland i Forbrukerrådets test av kommunetenester.

Siden 2005 har Forbrukerrådet gjort ni kommunetestar. Sju av desse er gjort med høve for rangering. Dei er alle gjort så likt at Forbrukerrådet no har slått saman resultata og kan presentera dei beste kommunane i Noreg i snitt gjennom dei sju testane.

Nesten 80.000 informasjonselement i sju kommunetestar er evaluerte og gitt karakterar i perioden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Poengskalaen som er brukt, strekkjer seg frå 0-100 poeng, der 100 er best. Kommunane er målte på desse hovudkategoriane: "Barn og skule", "Tekniske tenester", "Sosiale tenester", "Pleie og omsorg", "Helse",

"Fritid og kultur" og "Informasjonstenester".

Mange har langt igjen

Dei ferske resultata baserer seg altså på eit vekta snitt av Forbrukerrådets testar i perioden 2005-2016. Kommunane har blitt målt på informasjon og service, og ikkje kvalitet og innhald i sjølve tenesta.

- Innbyggjarane skal kunna forventa at kommunen leverer på så grunnleggjande tenester som dei vi har testa. Dessverre har svært mange kommunar langt igjen før vi er nøgde med den servicen og informasjonen dei gjev, seier fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukerrådet.

Fusas resultat

Barn og skule - 66

Tekniske tenester - 66

Sosiale tenester - 79

Pleie og omsorg - 82

Artikkelen held fram under annonsen.

Helse - 79

Fritid og kultur - 49

Informasjonstenester - 41

Dette gjev eit snitt på 66,8 poeng og altså 1. plass i Hordaland.

Os' resultat

Barn og skule - 60

Tekniske tenester - 47

Sosiale tenester - 52

Pleie og omsorg - 73

Artikkelen held fram under annonsen.

Helse - 79

Fritid og kultur - 61

Informasjonstenester - 49

Dette gjev eit snitt på 54 poeng, og ein 19. plass i Hordaland.

Fusa gjer det også godt blant landets kommunar med ein 27. plass. Os kjem på 249. plass på landsbasis.

Sjå alle resultata påforbrukerrådet.no.

Store kommunar best ut

Testane viser at det er ein klar samanheng mellom folketal og kor godt kommunane leverer. Store kommunar leverer i all hovudsak best kvalitet på service og informasjon, sjølv om Fusa er ein av kommunane som representerer unntaket.

Forbrukerrådet har tidlegare sett på kva som kjenneteiknar kommunar som lukkast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjennomgåande viser desse at dei har ei bevisst haldning til korleis dei kan levera god service. Denne haldninga er gjerne forankra i heile organisasjonen, ikkje minst i leiinga.

Kommunane har også fokus på tilgjenge, og tilbyr gjerne "ei dør inn", for eksempel med servicetorg eller "ope rådhus". Tankegangen går også igjen i kommunens digitale satsing.