Fungerande ordførar slår tilbake
I ein facebook-kommentar sa Glenn Erik Haugland (V) at han "ikkje er imponert over" Høgres ordførarkandidat Marie Bruarøy (H). - Haugland tek valkampen til eit nytt lågmål, kontrar Bruarøy.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
BA hadde måndag vigd heile framsida si til ordføraren i Os, Terje Søviknes. "Klar for fire nye år... og gjerne en statsrådspost", stod det.
Venstres nummer to, Glenn Erik Haugland, la kort tid etterpå ut ein kommentar på facebook, der han stilte spørsmål ved kva som ville skje dersom Søviknes forsvinn til Oslo kort tid etter komande kommunestyreval.
- Kven blir då ordførar? Høgre/Frp-veljarane i Os bør kanskje tenkja seg om kven det er dei stemmer på om nokre veker, la han til.
Høgres Olav Kvinge ville vita om Haugland ikkje hadde fått med seg at Høgres ordførarkandidat, Marie Bruarøy, står klar til dyst.
- Det er ei som ikkje imponerer meg, og som har problem med å halda ord, kommenterte Haugland, og sikta til hans tidlegare påstand om at Marie Bruarøy skifta ståstad i brusaka (noko ho sjølv nektar for).
Marie vart straks teken i forsvar av ordførar Terje Søviknes, som meinte det var ei kraftig undervurdering av varaordføraren.
- Haugland søkkjer djupt
Sjølv heldt Marie Bruarøy seg unna nettdebatten med vitande og vilje. Ho er dessutan travelt oppteken om dagen - ikkje som varaordførar, men som den øvste sjefen. Søviknes er nemleg på ferie og prøver å koma seg etter problem med ei kranglevoren isjas-nerve.
- Når eg les slikt som Haugland serverer i sosiale medier, vert eg skuffa. Eg synest det er å søkkja litt djupt. Eg gjer så godt eg kan for å ikkje ta valkampen ned på personnivået, men konstaterer at andre ikkje har slike sperrer. Les du det han skriv, så vil du sjå at det botnar i ein påstand om at korkje Høgre eller Frp har gode kandidatar. Samtidig påstår Haugland at Venstre har den beste politikken, men i så fall, kvifor kan han ikkje fokusera på dei politiske løysingane dei har i staden for å gå til personangrep? spør Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men er du einig i at det kan bli litt utydeleg for veljarane dersom Frp sin ordførarkandidat kanskje vil til Oslo?
- Terje Søviknes er ein av dei betre politikarane Frp har, så at han er interessant for ein statsrådpost skjønar eg godt. Men i påvente av ein eventuell telefon frå Erna, kan han sjølvsagt ikkje setja livet sitt her i Os på vent, seier Bruarøy.
Høgre har inngått ein avtale med Frp om at Høgre får ordførarposten om så skulle skje. Ho er open for å inngå ein tilsvarande avtale for komande periode, om dei skulle vinna valet.
- Ordføraren signaliserer at han gjev seg etter fire år. Har du ein draum om å vera hans etterfølgjar?
- Det sa han vel før førre val også! Eg står uansett på toppen av Høgre si liste, og det er jo fordi eg kunne tenkja meg å vera ordførar. Det er kjekt å vera politikar og vera med og utvikla osbygda. Eg har i alle fall ingen planar om å gje meg, seier Bruarøy.
- Må vera lov å stilla spørsmålet
Glenn Erik Haugland (V) står fast på at Venstre ønskjer å fokusera på politikk meir enn på person. Samtidig seier han at Søviknes gjer valet til eit personval.
- Søviknes er ein så sterk faktor i dette valet, og dermed blir det personleg. Når han stiller seg opp på framsida av BA på den måten, må det vera lov å stilla spørsmålet om veljarane faktisk får det dei trur dei får ved å stemma på han?
- Har du lese saka i BA?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei.
- Det er på slutten av saka at journalisten spør om kva Søviknes har lyst å gjera om fire år. Han svarer at då er ungane hans eldre, og at det dermed ikkje vil vera uaktuelt å takka ja til ein statsrådpost i 2019. Det er snakk om fire år fram i tid dette?
- Men det seier han ikkje noko om i facebook-tråden på sida mi. Der svarer han at det finst andre kandidatar som kan ta over. Det er ikkje eg einig i. Eg er dessutan overtydd om at sjansen er stor for at Søviknes vert henta inn som statsråd alt i haust.
- Marie Bruarøy meiner du tek valkampen ned på eit personnivå som er ufint?
- Eg står fast ved at eg ikkje er imponert over måten ho skifta standpunkt på i brusaka. For øvrig må det vera greitt å meina at vår eigen ordførarkandidat er best! seier Haugland.