Søndag går andre utgåve av Vengsvatnet rundt.
Søndag går andre utgåve av Vengsvatnet rundt.

Fullt program i Hålandsdalen

Til helga er det klart for aktivitetshelg i Hålandsdalen. På programmet står mellom anna matfestival og Vengsvatnet rundt.

Matfestivalen på Holdhus har vore eit svært populært kulturinnslag i Fusa dei siste åra. Søndag går festivalen av stabelen for sjette året på rad. Arrangørane venter seg godt med vitjande.

- Det bruker å vera fullt hus og god matstemning. Søndagsmiddagen får dei hjå oss denne helga, seier arrangementsleiar Harald Bjørndal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aktivitshega i Hålandsdalen startar laurdag kveld. Då vert det konsert i Hålandsdalen kyrkje. Musikken er det ungdom frå heile Fusa som står for.

- Det blir ein kjempefin start. Me er nøgde med årets program, og føler me har noko for ein kvar smak, seier Bjørndal.

Faste "högdarar"

Matfestivalen på Holdhus har vore populær frå første stund. Og kvar gong ein ny matfestival nærmar seg, opplever arrangøren stor pågang av både kreative deltakarar og folk som melder sin ankomst for å gleda smaksløkane.

Hålandsdal IL og Hordaland skiskyttarkrets inviterer til samling på Holdhus denne helga. Dei om lag 30 utøvarane i 13-16 års-alderen stiller også i Vengsvatnet rundt.
Hålandsdal IL og Hordaland skiskyttarkrets inviterer til samling på Holdhus denne helga. Dei om lag 30 utøvarane i 13-16 års-alderen stiller også i Vengsvatnet rundt.
Årets matfestival på Holdhus er den sjette i rekkja.
Årets matfestival på Holdhus er den sjette i rekkja.

- Me har ein del faste "högdarar" som berre må vera med: Fårikål-middag og dubbelkaka. Middagen står dei i kø for. Dubbelkakene slåss dei nærast for, humrar Bjørndal.

Til dei som ikkje måtte vita kva ei dubbelkake er, så er det altså ei potelefse og ei melkekake som er lagt saman som ein sandwich.

Elles får me vitjing av Siv Holven frå Eikhaugen Gard. Ho serverer sjølvlaga kortreist mat. I tillegg kjem ei kvinne frå Omastrand med heimelaga syltety og sjølvdyrka frukt, fortel Bjørndal.

Nytt av året vert sal av handarbeidsprodukt.

- Matfestivalen ivaretek gamle mattradisjonar. I år syntest me at dei som ivaretek handarbeidstradisjonane også måtte få vera med, seier Bjørndal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andre utgåve

For dei som vil springa av seg noko av det dei tek inn på matfestivalen, er Vengsvatnet rundt kanskje noko å få med seg. Mosjonsløpet rundt vatnet i Hålandsdalen vert arrangert av Hålandsdal IL og har to ulike distansar å by på.

- Den lengste løypa er på 8 km og går frå Holdhus. Den litt kortare startar på Skjelbreid og er 5 km lang, fortel leiar i Hålandsdal IL, André Bjørndal.

Det er andre året at HIL arrangerer dette løpet. I fjor hadde dei bortimot 100 deltakarar. I år håpar dei å bikka det talet.

- Me veit at mange har tenkt til å stilla. Dessutan passar det fint at Hålandsdal IL og Hordaland Skiskyttarkrins arrangerer skiskyttarsamling for utøvarar i aldaren 13-16 på Holdhus denne helga. Dei er 30 stykk, og samtlege er klare for å ta seg ut i løpet rundt vatnet, fortel Bjørndal junior.