Fullkomen solskinshistorie i Osbadet
For to år sidan vart pappa Steinar råka av hjartestans i Osbadet. Fredag vart sonen Tor hylla for sterk symjeinnsats i 2015.
- Familien Johannessen er blant våre beste og hyggjelegaste kundar her i Osbadet. Dei kjem fast tre gongar i veka og er alle blitt så spreke, skryter Torbjørg Brattabø i Osbadet.
Rørande augneblink
I tre år har Ellen og Steinar Johannessen hatt med seg sin utviklingshemma son på faste badingar i Osbadet. Fredag vart Tor uttrekt som ein av tre vinnarar i SwimTag-tevlinga for 2015. Då Torbjørg Brattabø overrekte premien til sonen Tor, vart det vel sterkt for pappa Steinar og mamma Ellen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Oj, eg klarer nesten ikkje prata om det. Du får ta det du, Ellen, seier Steinar.
- Ja, de veit det nok ikkje, men Steinar var altså mannen som fekk hjartestans her i Osbadet for to år sidan. De skreiv nok om det i avisa, men de hadde nok ikkje med namn på vedkomande som vart ramma, seier Ellen og ser på underteikna og utsende frå Midtsiden.
Me stadfestar påstanden hennar.
Dramatisk
- Det var ei heilt vanleg trening. Både Ellen, Tor og eg hadde sumd ein del, og så skulle eg opp på land for å henta meg noko å drikka. Meir hugsar eg ikkje før eg vart borte, fortel Steinar.
Torbjørg Brattabø hugsar det derimot godt.
- Ja, eg var på jobb den dagen. Eg var også ein av fleire som ytte førstehjelp for å få hjartet hans i gang igjen. Me fekk det i gang, og åtte minutt etter var ambulansen på plass, fortel Torbjørg.
- De gjorde ein fenomenal jobb, skryter Ellen.
- Det var ein dag med hell i uhell. Dersom eg hadde vore åleine, ja, slik Alexander Dale Oen var då hans hjarta stansa, så ville eg ikkje vore her i dag, seier Steinar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han vart straks flydd til Haukeland der han vart operert og fekk lagt inn hjartestartar.
- Det ironiske var at eg skulle til hjartelege dagen etter. Snakk om tur med at det gjekk så bra som det gjorde, seier han.
Fortent heider
73-åringen trenar i dag heilt normalt tre gonger i veka. I Osbadet føler han seg heilt trygg.
- Her vert me godt ivaretekne, og me veit at dei som jobbar her kan yta førstehjelp om det trengst, skryter Steinar.
Dei omtalar seg i dag som den symjande familie. Alle tre er like glade i aktiviteten.
- Det er utruleg kjekt at Tor får denne premien. Han har utvikla seg enormt den siste tida, frå han starta å symja kring 50 meter om gongen i starten, til at han no sym opp mot 2.000 meter på ei trening, skryter mor og far.
- Eg er blitt god til å symja. Eg sym att og fram og att og fram. Me er spreke, seier Tor.
Totalt 172 deltakarar var med på Osbadet sin SwimTag-konkurranse.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to andre som vann premie var Solveig Oksholm Hunhammer og Ivar August Bye.
Svøm deg til Kreta
I 2016 kan symjarar i Osbadet også vera med på trekninga om å få reisa til Kreta. Svøm deg til Kreta-konkurransen føreset at ein som vaksen sym 10.000 meter innan mars, og 5.000 m som vaksen.
For Tor og andre vaksne utviklingshemma er 5.000 meter godt nok. Den distansen legg nok den spreke 39-åringen bak seg innan kort tid.