Spente elevar på generalprøven.
Spente elevar på generalprøven.

Full gymsal på adventstund

Resten av Os barneskule benka seg i gymsalen, medan 6. trinn sytte for god julestemning frå scenen i dag tidleg.

Os og Fusaposten var tilstades i gymsalen under dei siste førebuingane i dag tidleg. Utanfor stod spente born og foreldre, som gledde seg til å sjå kva 6. trinn hadde å by på.

- Eg trur eg er meir nervøs enn dei, seier Jon Sivert Rykkel, som jobbar med elevane til dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei har øvd ei stund. Den siste veka har øvinga blitt intensivert.

Kvar sin adventsfredag

Då dørene opna, strøymde det på med ivrige born og spente foreldre.

- Dette er tradisjon ved Os barneskule. 7. klassingane står for somaravslutninga, medan elevane frå tredje til og med sjette trinn, har kvar sin "adventsfredag", seier Rykkel.

Publikum møtte opp i hopetal.
Publikum møtte opp i hopetal.
Jon Sivert Rykkel, som jobbar med elevane til dagen, meinte han var meir nervøs enn dei før dei skulle i elden. - Programmet gjekk som ein draum, konstaterte han etter at elevane var ferdig.
Jon Sivert Rykkel, som jobbar med elevane til dagen, meinte han var meir nervøs enn dei før dei skulle i elden. - Programmet gjekk som ein draum, konstaterte han etter at elevane var ferdig.

På programmet var både song og juleforteljingar som elevane spelte ut.

- Programmet gjekk som ein draum under stødig leiing frå Tarjei Øiestad Skeie, med hjelp av Grethe Laugen og Bjørn Steinbakk, fortel Rykkel.

No ventar velfortent juleferie for både elevar og vaksne.