Leif Idar Røen har mykje å gjera , men klagar ikkje. Eg har eit yrke der eg får koma meg rundt og helsa på mange hyggjelege folk, seier osingen.
Leif Idar Røen har mykje å gjera , men klagar ikkje. Eg har eit yrke der eg får koma meg rundt og helsa på mange hyggjelege folk, seier osingen.

Full fart i julemånaden

- Me er høgt og lågt døgnet rundt for å sikra folk kanalar til jul, seier Leif Idar Røen i Parabolservice.

Osingen har drive einmannsføretaket Parabolservice i tre og eit halvt år. Før den tid dreiv han, som mange sikkert veit, Lehrmanns Radio og TV. Parabol og antenne-montering har han drive med i alle år.

- Det er forsåvidt overkommeleg arbeid no til dags. Du skulle sett oss då me starta opp tidleg på 1980-talet. Då monterte me gedigne parabolar på 1,80 m i diameter. I dag er dei knappe 50 cm, humrar Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Travlare bransje

Men medan han på 1980-talet monterte ein eller to parabolar i månaden, set han i dag opp tre-fire for dagen.

- Trass i konkurranse frå fiber og Riks-TV er parabol framleis ein svært så etterspurd vare, og for mitt vedkomande har eg aldri hatt meir å gjera enn no, seier 53-åringen.

Underteikna har også måtta ty til å Røen-hjelp den siste veka. Ikkje for å få ny parabol, men for å få ordna ein av dei eg har.

Leif Idar søkjer og finn at signalet i underteikna sitt hus er perfekt. Problemet viser seg å vera tuneren.
Leif Idar søkjer og finn at signalet i underteikna sitt hus er perfekt. Problemet viser seg å vera tuneren.

- Normalt har me sånn 50/50 service og montering-oppdrag. Men no like før jul er det mest montering. Når brunvarebransjen kjem med gode tilbod, vert det meir for oss å gjera. Men i utgangspunktet er jo det berre kjekt, smiler Røen.

Oppdraget hos meg omfattar kontroll av parabol i to meters høgde. Det er til å leva med.

- Du skulle vore med meg på jobben eg var på i stad. Då var eg ute på nokre hytter ved Blindesundet, og måtte ti meter over bakken for å gjera monteringsjobben. Då kjennar ein det litt i mellomgolvet, ler Røen.

Ingen ekstra juleferie

Osingens oppdrag tikkar inn medan underteikna har han på vitjing.

- Ja, hallo ja, nei. Då må eg koma ein annan dag. I dag har eg fullt opp, svarar Røen på handsfree-settet sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No i julemånaden har eg opp mot sju monterings- eller service-oppdrag for dagen. Det er meir enn nok når kunde-gruppa eg har ansvaret for er heile Fana, Arna og Os, fortel han.

Noko ekstra juleferie, kan han berre gløyma.

- Nei, når helligdagane er over må eg ut å ta alle kundane eg ikkje rekk no før jul. Men slik er det. Eg klagar ikkje. I denne bransjen må me jobba og stå på når rushet er som verst. Så har me jo meir rolege tider me også, innimellom, seier Røen.

På vegner av Canal Digital prøvde Røen så godt han kunne å hjelpa underteikna denne veka. Men her måtte sjølv doktor Parabol frå Os melda pass.

- Du får få deg ein ny tuner. Denne her har teke kvelden, beklaga Røen.

Heldigvis har me fleire i huset, så det blir nok «Tre nøtter til Askepott» på familien i år også.