Gunnhild og Børge fryktar for tryggleiken til borna. - Dette strekket er sterkt trafikkert, og langt frå alle held fartsgrensa, seier Gunnhild om Hegglandsdalsvegen frå krysset i Hatvikvegen til Vallebrua. F.v. Simen, Gunnhild, Kristoffer og Børge.
Gunnhild og Børge fryktar for tryggleiken til borna. - Dette strekket er sterkt trafikkert, og langt frå alle held fartsgrensa, seier Gunnhild om Hegglandsdalsvegen frå krysset i Hatvikvegen til Vallebrua. F.v. Simen, Gunnhild, Kristoffer og Børge.

Fryktar for bornas tryggleik

Gunnhild og Børge Brekke let ikkje gutane sine leika langt frå huset. - Me er på ein måte innestengd av dårlege vegar, seier Gunnhild.

I lang tid har ho kjempa for at Fv 137 frå Hauge forbi Lyssandfabrikken og til Vallebrua, skal utbetrast.

- Vegen er smal, til tider uoversiktleg, utan gang- og sykkelsti eller overgangsfelt. Det er knapt nok plass til to bilar. Eg liker meg ikkje her verken som fotgjengar eller bilist, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunnhild og Børge har fire gutar saman, og berre eldstemann får lov til å sykla på vegen åleine.

- Dei får sykla i byggefeltet, men ikkje langt frå huset. Me har Fv 137, som er smal og uoversiktleg, og vegen ned i Borgabygda som heller ikkje er god. Me er innestengde av dårlege vegar, seier Brekke.

Vitne til ei ulukke

Tidlegare i sommar opplevde ho, og yngste sonen Simen, ei trist hending.

- Me blei vitne til at ein hund vart påkøyrd og drepen langs vegen. Dette var eit syn verken 5-åringen eller eg kjem til å gløyma med det første. Der stod eg og var lei meg på vegner av dei som var innblanda, samstundes som eg hadde eit fast grep om handa til guten min. Takk og lov for at det ikkje var han som hamna under bilen, seier Brekke.

Ho legg til at føraren av bilen ikkje hadde sjans til å stoppa.

- Hunden kom i stor fart frå sida. Det var ikkje mogleg for bilførar å stoppa, seier ho.

Hoppa opp og ned i prioritet

Familien Brekke har budd på Hjelle sidan 2006, og dei siste seks åra har Gunnhild prøvt å få kommunen eller vegvesenet til å gjera noko med vegen. Ulike svar har ho fått, og det ser ikkje ut til at nokon vil ta ansvar for vegen. I 2011 vart reguleringsplanen for gang- og sykkelveg frå Vallabrua til Hatvikvegen godkjend i Os kommunestyre.

- No ligg den som 3. prioritet i planane, seier Børge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Prosjektet har hoppa opp og ned i prioritet dei siste åra, alt etter som kva andre prosjekt som har blitt prioritert før, legg Gunnhild til.

Svar frå vegvesenet og kommunen

No har ho atter ein gong vore i kontakt med kommunen, og fått svar på e-post. Vegvesenet skriv at i trafikksinkringsplanen til Os for 2014-18 er utbetring av Hegglandsdalsvegen eitt av tiltaka som er foreslått prioritert. Det er ikkje sett av midlar til dette prosjektet i byggeprogrammet 2015. Dette tilbaket vil bli vurdert opp mot tilsvarande tiltak på fylkesvegnettet dei komande åra.

Os kommune skriv at vegen er ein del av fylkesvegnettet. Det betyr at det er Hordaland fylkeskommune som har det overordna ansvaret. Tiltaket ligg ikkje inne i gjeldande transportplan i handlingsplan for perioden 2015-17. Os kommune seier videre at vegstrekket er prioritert bak ny fylkesveg Åsen-Helleskaret og Hatvikvegen, og at dei jamleg er i dialog med fylkeskommunen om vegnettet i kommunen. Dei vil prøva å finne ei løysing som gjer at gang-/ og sykkelveg Hauge- Vallebrua kan realiserast så fort som mogleg.

- Er de optimistiske?

- Det er vanskeleg å seia. Det skjer i alle fall ikkje noko før etter 2017. Eg veit ikkje kva tid me kan håpa på at det vert gjort noko med vegen, seier Gunnhild.