Fryktar at familiekjæledyra er blitt til julemiddag
- Me låste moskusendene inne fredag kveld. Morgonen etter var dei borte. Eg vil åtvara alle andre med ender i Os, seier Ragnhild Mortensen.
Mortensen bur i Skeistøa på Nore Neset. Fredag kveld var sonen hennar åleine heime, då dei hørte at nokon tok i døra.
- Vegard gjekk for å sjå om det var nokon utanfor, men då såg han berre ein bil som køyrde vekk i full fart. Om det har noko å gjera med andetjuveriet, er vanskeleg å seia, men han opplevde det som skummelt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hatt ender i 16 år
Familien har hatt ender i 16 år, men aldri opplevt noko slik før.
- Det kan hende at ein rev kan ta ei and, men at alle forsvinn over natta, er unormalt. Då er det ikkje ein rev på ferde, seier ho.
Det var heller ikkje slik at dei gløymde å låsa huset til endene. Det er ho heilt sikker på.
- Det har skjedd at me har gløymd å låsa, men det gjorde me ikkje i helga. Uansett så var det dårleg vêr, og endene likar ikkje det, så dei ville nok ikkje gått ut om det stod ope, seier ho.
Endene har eiga inngjerding
Dei som har vore i hagen og tatt dyra, må ha visst at dei var der.
- Ein kan ikkje sjå huset deira frå vegen. Kanskje om ein går på skogsvegen ved huset, men det er ikkje lett å få auga på. Hagen vår er også gjerda inn, pluss at endene har eiga inngjerding i tillegg til hus.
Har kontakta politiet
Familien har vore i kontakt med politiet.
- Dei ser alvorleg på det. Spesielt sidan det same kveld var nokon som tok i døra, seier Mortensen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho håpar at nokon har tips om kven som kan ha tatt endene.
- Om dei dukkar opp, så skal eg sjølvsagt leggja ut ei melding på Facebook. Det er sjølvsagt det me håpar på. Men eg mistenkjer at dei har endt som middag. Andesteik er visst flotte greier, har eg høyrt. For oss er dei berre artige dyr, og familiens kjæledyr.