Frps eldrereform: Så vidt Os vart med
I siste liten - og til protestar frå ansvarleg kommunalsjef - melde Os kommune seg på prøveordninga til statleg finansiering av omsorgstenestene.
Alt i Carl I. Hagens velmaktsdagar vart det eit mykje brukt mantra at staten burde ta over det finansielle ansvaret for eldreomsorga. Då Frp kom i regjeringsposisjon, vart det ein del av Sundvoll-erklæringa. Nærmare bestemt vart regjeringspartia samde om å etablera ei "prøveordning med statlig finansiering av eldreomsorga, som kommunane kan søkja på. Prøveordninga skal inkludera eit avgrensa tal kommunar, vara over tid og evaluerast".
- Målet med forsøksordninga er å sikra gode omsorgstenester og eit meir likeverdig tilbod på tvers av kommunegrensene. Eldre pleietrengande har krav på eit godt og verdig tilbod uavhengig av kva kommune dei bur i, uttalte Siv Jensen i sommar, då det vart klart at prøveordninga vert igangsett.
Artikkelen held fram under annonsen.
Interkommunal skepsis
Men ordninga har vore møtt med ein viss skepsis i kommune-Noreg. Fristen for å søkja på å få vera med i den treårige prøveordninga gjekk ut 1. desember, og før helga (27. november) hadde Helsedirektoratet berre fått inn sju søknader av 428 moglege. Os kommune var så langt ikkje på lista, og kommunestyremøtet i oktober hadde ikkje saka på agendaen. Men dagen då søknadsfristen gjekk ut hadde formannskapet møte.
Fagleg råd: "nei takk"
Innstillinga frå administrasjonen var negativ: "Os kommunestyre vedtek at vi ikkje deltek i dette prosjektet" føreslo rådmannen som vedtak. Prøveordninga har to ulike modellar - ein mildare og ein strengare variant -, og
kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, var mest skeptisk til den strenge varianten. Her mistar kommunen mest makt, då Helsedirektoratet får instruksjonsrett overfor kommunen, og skal bestemma tildelingskriteria. I den andre modellen får kommunen bestemma tildelingskriteria som før. Problemet er berre at forsøkskommunane ikkje sjølv får velja om dei skal vera med i den snille eller strenge varianten.
Den største gulrota kommunen får for å vera med på ordninga, er eit påslag i inntekter på fire prosent ut frå dagens utgiftsnivå til området. For Os kommune tyder det ca. 8 mill. kroner årleg. Men kommunalsjefen meiner at vinninga vil gå opp i spinninga.
- Mindre fleksibelt, meir byråkrati
I si utgreiing viste kommunalsjefen også til at fleire bydelar i Oslo no er i ferd med å prøva ut ein modell som vert nytta i København, "der ein går tilbake til ein slik modell som Os kommune driv etter i dag".
- Dette er ein modell som vert basert på tillit, god og tett kommunikasjon og samarbeid mellom bestillar og utførar, skreiv Borge, og la til:
- Me har gode erfaringar med den modellen i Os. Vi har i dag ei god omsorgsteneste i alle ledd. Me har stor fleksibilitet og effektivitet i begge system og finn mange gode, av og til utradisjonelle løysingar, til beste for brukaren. Me er redde me vil mista mykje av denne fleksibiliteten dersom det er staten som skal definera og styra kva tenester me skal tilby våre brukarar, og me må byggja opp eit byråkrati med auka fokus på kontroll og møteverksemd, heitte det i utgreiinga.
- Me kan alltid bli betre
I møtet utdjupa kommunalsjefen dette ytterlegare:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har drøfta saka med "Noregs beste rådmann" og med leiargruppa vår, og me er skeptiske. Me har for mykje å tapa. Eg er per definisjon allergisk mot å byggja opp byråkratiet, noko denne ordninga vil føra til, sa Borge.
- Akkurat der har me nok ein felles allergi, sa Søviknes. Partifelle Eirik André Hesthamar la til:
- Men det er ei oppside her også, og den kan me ikkje berre sjå vekk frå. Det er sunt at Os kommune som driv så godt, skal vera nysgjerrige og prøva å vera med på dette, sa han.
- Men kvifor skal me endra noko som er så bra, mot noko som me ikkje veit kva blir? spurde Helge Steinum (Ap).
- Fordi det gjev oss ein sjanse til å bli endå betre. At noko er bra tyder ikkje at du ikkje kan bli endå betre.
Kallar inn helseministeren på teppet
Frp/H hadde diskutert saka i lag med budsjettpartnar Venstre, og kome fram til eit framlegg til vedtak. Dei føreslo at ein sender inn søknad, men søkjer å avklara usikre sider ved prøveprosjektet fram til endeleg akseptfrist 1. februar. Innan denne datoen må kommunen endeleg bestemma seg om ein vil delta eller ikkje. Mellom anna peikte Terje Søviknes (Frp) på følgjande:
- På den eine sida kan me få gode inntekter på å vera med på denne prøveordninga i tre år. Men kva skjer etterpå? Me risikerer at me aukar kostnadsnivået såpass mykje at me får ei utfordring når me skal ut av ordninga på den andre sida, sa Søviknes.
Pga. slike usikre moment, hadde fleirtalskoalisjonen invitert helseminister Bent Høie til Os for å forklara. Marie Bruarøy (H), som har vore blant skeptikarane, var tilfreds med å få avklaringar frå ministerhald.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er framleis skeptiske, og vonar at ministeren har med seg fleire gulrøter når han kjem, sa Bruarøy.
Os og Samnanger åleine i Hordaland
Etter dette vart Frp/H/V sitt felles framlegg vedteke, mot Arbeidarpartiets to røyster, og søknaden kunne sendast inn. Kommunestyrets aksept vil bli ettersendt. Ifølgje kommunal rapport vart Os kommune til slutt ein av 24 kommunar som sende inn søknad om å få vera med i prøveprosjektet. Berre 20 kommunar får vera med, og det vert såleis ei trekning mellom forsøkskommunane. Frå Hordaland er det elles berre Samnanger som har søkt.