Frp-forslag om skjenking til mat fekk fleirtal: - Utfordringa er herved sendt
På forslag frå Siv Jensen gjekk fleirtalet i Stortinget tysda inn for å opna for alkoholskjenking til mat i kommunar med låg smitte.
Forslaget går ut på at Stortinget ber regjeringen sikra at kommunar med lågt smittetrykk skal kunna tillata alkoholservering i samband med matservering.
Terje Søviknes (Frp) konstaterer at «dette er eit lite steg for å avhjelpa i alle fall nokre restaurantar».
Artikkelen held fram under annonsen.
– For ErAn Veikro, Peppes, Elvehuset, Ilya, Hamnechefen og andre lokale restaurantar, kan dette vera eit viktig bidrag i ei krevjande tid, seier Søviknes og held fram:
– Spørsmålet blir no om Bjørnafjorden kommune, med ordføraren i spissen, er positiv til å opna for dette i vår kommune. Eg håpar det. Utfordringa er herved sendt.
Søviknes meiner restaurantbransjen så langt har vore flink til å overhalda smittevernreglane.
- Det er ingen grunn til å tru at ikkje dei skal klara det også vidare, meiner Søviknes.
Ifølge Stavanger Aftenblad låg det an til at forslaget skulle bli nedstemt i Stortingent. Men det snudde då Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, MDG og Rødt sørgde for at det blei fleirtal.