Geir Amundsen og Silje Lygre er samde om at Os Sentrumsforening og AMFI Os skal samarbeida om eit felles sommarmagasin. (Privat foto)
Geir Amundsen og Silje Lygre er samde om at Os Sentrumsforening og AMFI Os skal samarbeida om eit felles sommarmagasin. (Privat foto)

Frontar handelslivet i lag

Os Sentrumsforening og AMFI Os vil slå eit slag for handelslivet i bygda. I juni kjem dei med felles handelsmagasin.

Fredag føremiddag var det klart at Os Sentrumsforening og AMFI Os vil gå til felles kamp mot handelslekkasjen til Fana og Bergen.

- Veit du ikkje kva dag det er i dag, skjemtar leiar i sentrumsforeningen, Geir Amundsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Neidå, det er ikkje tull. Senterleiar ved AMFI Os, Silje Lygre, og eg har bestemt oss for å slå eit felles slag for handelslivet i bygda. Første konkrete plan er å laga eit felles handelsmagasin som kjem ut 20. juni, fortel Geir Amundsen.

Flotte fasilitetar

Amundsen legg til at det Lygre som kom opp med ideen.

- Eg synest det var ein knakande god ide. Det er klart me har mykje til felles. Me må visa folk rundt om kring for eit flott handelsliv som finst i bygda, seier Amundsen.

Magasinet vert trykt opp i 16.000 eksemplar.

- Det vert distribuert til heile bygda. Innhaldet vert informasjon om butikkane me har her i Os, sortiment, populære produkt, tilbod og ein del anna. I tillegg vil me laga litt redaksjonelt stoff om fasilitetane elles i Os, fortel Amundsen.