Næringslivssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, er vald til styreleiar for Os Sentrumsforenings ferskt samansette interimstyre.
Næringslivssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, er vald til styreleiar for Os Sentrumsforenings ferskt samansette interimstyre.

Fresh start med blanke ark

Medan sentrum er under opprusting gjer sentrumsforeininga det same. Faktisk fornyar dei seg heilt.

Torsdag kveld hadde Os Sentrumsforening ekstraordinært årsmøte i Bar(t). Høve var oppstart av det som blir ei heilt ny sentrumsforeining, dog med det same gamle namnet.

- Ja, me held på Os Sentrumsforening. Me var inne på at me kanskje burde skifta namn for å visa alle at dette er ei heilt ny foreining, men enda likevel på å behalda det gamle namnet. Årsaka er enkel: Os Sentrumsforening er eit sjølvforklarande, lettfatteleg og greitt namn, seier Daniel Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye næringslivssjefen i Os kommune er no valt til styreleiar i den nye foreininga. Det trivst han godt med.

- Eg synest det er kjempekjekt å få vera med på å laga ei ny og sterk foreining. Det er noko symbolsk over at me fornyar oss samstundes som Os sentrum er under opprusting. Det er nye tider i Os, smiler Skotheim.

Vil dobla medlemstalet

Den gamle foreininga hadde 31 medlemer. Målet for den nye er å dobbla talet.

- Det føler me er realistisk. Den nye foreininga skal omfatta grunneigarar og dei som driv teneste- og service-yrke i sentrum. Grunntanken er at me skal bli ein stor, sterk og handlekraftig organisasjon, seier Skotheim.

Kring 20 representantar møtte på Bar(t) torsdag. Dermed var dei nok til å gjera gjeldande vedtak.

- Me fekk på plass eit interimstyre med fem medlemer. Forutan underteikna har me der med oss Laila Moberg, Reidun Vasby, Bodil Dale og Kåre Lunde, fortel Skotheim.

Han er veldig nøgd med samansetninga.

- Me lukkast med å få på plass eit styre som dekkjer, og har kompetanse innanfor alle dei områda me framover må ha kunnskap om. Det vil seia at me har representantar frå handel, grunneigarar og teneste/service-yrke i styret. Slik bør det vera, konstaterer den nyvalde styreleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søkjer dagleg leiar

I desse dagar vert stillingsannonsen for dagleg leiar ferdigstilt.

- Stillinga vert utlyst i lokale medium i løpet av eit par veker. Me søkjer ein engasjert person med stort hjarte for Os og Os sentrum. Me håpar på mange søknader, seier Skotheim.

Sentrumsforeininga håpar vedkomande som får stillinga kan starta i jobben tidleg på nyåret 2017.