Framleis ingen pengar til Teknisk drift
Då kommunestyret i Fusa handsama tertialrapporten frå 1. september i møtet torsdag, gjorde politikarane ingen store endringar i forhold til det formannskapet vart samde om for to veker sidan.
Camilla Kvamme
Artikkelen held fram under annonsen.
camilla.kvamme@osogfusa.no
- Teknisk drift må sjølv finna dekning for overskridinga på 1 mill. kroner innanfor vedtekne rammer, sa Margunn Yndestad Samnøy (Sp).
I vedtaket spesifiserte Sp, H og KrF kva summar dei andre einingar vert tilførte. Barnehageeininga får 410.000 kroner, Helse, familie og velferd 350.000 kroner og Pleie og omsorg 2,5 mill. kroner. Summane er i tråd med dei utfordringane einingane skisserer i rapporten, og som dessutan har vore varsla tidlegare på året. Tilskota vert finansierte ved hjelp av fondsmidlar.
- Vi synest det er veldig bra når vi på eit tidleg tidspunkt får signal om eventuelle overskridingar. Pleie og omsorg-eininga skal ha honnør for den jobben dei har gjort, sa Samnøy, og viste til at overskridingane såg ut til å verta langt større enn 2,5 mill. tidlegare i år.
Sp-politikaren peika òg på at det er viktig å jobba for full barnehagedekning i tida som kjem.
- Ingen skal stå utanfor sjølv om vi berre har eitt hovudopptak, sa ho.
Bjarte Samnøy (KrF) lurte på om Teknisk drift var flinke nok til å driva inn dei inntektene eininga hadde krav på i form av gebyr. Ingen frå Teknisk drift var til stades i møte og kunne svara han, men Gustav Folkestad (V) kom med følgjande innespel:
- Det kan eg svara på. Eg har vassmålar, og eg får ikkje rekning kvart år, sa han.