Framleis i varetekt
Den voldtektssikta 34-åringen sit framleis varetektsfengsla torsdags morgon. Os lensmannskontor ventar at eventuell avgjerd om lauslating vert fatta idag.
Sundag vart austlendingen arrestert i Os.
- Klienten min stiller seg heilt uforståande til siktinga, har 34-åringen sin forsvarar, Helene Elness frå advokatfirmaet Andenæs, Aaløkken og Veum, uttalt til «Os og Fusaposten». Ho uttaler til BT at det ikkje finst bevis i saka som stør kvinnene si forklaring, og seier at den sikta mannen vil anmelda kvinnene for falsk forklaring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ankesak i dag
Etter ein runde i tingretten tysdag, meinte retten at det var skjellig grunn til mistanke mot mannen, men retten ville lauslata han mot at han fekk besøksforbod. Aktor Trond Eide anka, og retten aksepterte at mannen vert sitjande i forvaring fram til Gulating lagmannsrett får behandla anken.
Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor venta først at ankesaka ville bli behandla i onsdag, men dei høyrde ikkje noko meir. Avgjerda vert truleg fatta i dag.