Fram til julaftan: Bjørnafjorden innfører strengare karantenereglar og munnbindpåbod
Dei nye tiltaka trer i kraft frå klokka 12 i dag, fredag 10. desember.
Bjørnafjorden kommune har, saman med Alver, Askøy, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden, vedteke å innføra forsterka tiltak for å kunne handtere smittesituasjonen i regionen på ein mest mogleg effektiv måte.
Dei nye tiltaka gjeld frå klokka 12 i dag, fredag 10. desember, til klokka 12, fredag 24. desember 2021.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det skriv kommunen på si heimeside i dag.
Her kan du lesa heile forskrifta.
Påbod om smittekarantene
I fylgje ordførar Trine Lindborg, tilseier smittesituasjonen i regionen at det er behov for strengare tiltak enn dei nasjonale tiltaka regjeringa nyleg innførte.
— Vi har lytta til kommuneoverlegane våre som seier at pliktig smittekarantene for alle husstandsmedlemer, uavhengig av vaksinasjonsstatus, er det mest effektive tiltaket for å hindra vidare smitte, seier Lindborg
Dei nasjonale reglane gir ikkje påbod for fullvaksinerte husstandsmedlemmar til smitta personar om å halda seg i karantene.
Etter dei nasjonale reglane treng heller ikkje born og unge under 18 år å gå i karantene, sjølv om det er smitte i familien.
— Med påbod om smittekarantene for alle i husstanden, vil vi hindra smitte i å spreia seg til barnehagar, skular og arbeidsplassar, seier Lindborg.
10 dagars smittekarantene
I Bjørnafjorden kommune blir det no påbod om 10 dagars smittekarantene for alle husstandsmedlemer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette gjeld også for dei under 18 år og uavhengig av om ein er vaksinert eller ikkje.
Dette gjeld alle smittetilfelle, ikkje berre ved mistanke om omikronvarianten av koronaviruset. Det er mogleg å «teste seg ut» av karantenen med ein hurtigtest på dag 7.
Medan Bergen kommune har innført karanteneplikt også for nærkontaktar, vel Bjørnafjorden å berre påleggja karantene for husstandsmedlemer.
Fritak for samfunnskritisk personell
Kommunen opplyser at helsepersonell som er kritisk for forsvarlege helse- og omsorgstenester, og anna samfunnskritisk personell, i spesielle tilfelle kan få fritak frå karantene i arbeidstida.
I så fall skjer det etter individuell vurdering og avtale med arbeidsgjevar.
— Dette er eit svært viktig punkt for oss, som dei nasjonale reglane ikkje tek høgde for. Kommunen må framleis vera i stand til å levera nødvendige tenester til innbyggjarane, seier Lindborg.
Forsterka munnbindpåbod
Det er nokre veker sidan Bjørnafjorden innførte strengare påbod og anbefaling om meir bruk av munnbind.
No blir det påbode å bruke munnbind innandørs på alle offentlege stader, inkludert på venterom, legevakt og ved levering i barnehage, skule og SFO.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Dersom du er i tvil om ein stad er offentleg, tek du uansett på munnbind for å vere på den sikre sida, seier ordførar Lindborg.