Hilde Gjerde og Linda Veivåg skiftar snart til gule uniformer når daglegvarebutikken i Midtpunkthuset vert til Coop Prix.
Hilde Gjerde og Linda Veivåg skiftar snart til gule uniformer når daglegvarebutikken i Midtpunkthuset vert til Coop Prix.

Fra raudt til gult i Midtpunkthuset

I årevis har dei jobba i raude uniformar. 14. oktober skiftar dei tilsette på Rimi-butikken i Os til gult.

Som følgje av varekjeden Coop Norge sitt kjøp av ICA Norge vert samtlege Rimi-butikkar i desse dagar erstatta og ominnreidd til Coop-butikkar av ulike slag. For daglegvarebutikken i Midtpunkt-huset i Os går det dermed frå raudt til gult - frå Rimi til Coop Prix.

- Me reknar med ei ganske kjapp og grei omstilling. I forkant av nyopninga stengjer me truleg to dagar, men Posten vil vera open også desse dagane, seier leiar i det som framleis er Rimi-butikken i Os, Linda Veivåg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nytt inngangsparti

Når butikken opnar laurdag 10. oktober, er det siste dag som Rimi-butikk. Onsdag 14. er det nyopning som Coop Prix.

- Me hadde ei bra opprusting i 2010 og treng ikkje gjera all verda til endringar på lokalet. For kundane vil den store skilnaden i første rekkje vera at varesortimentet vert anleis, seier nestleeiar Hilde Gjerde.

Visuelt er det inngangspartiet som blir mest annleis.

- Me skal byggja litt om her. Coop Prix ønskjer det meir oversiktleg i det ein kjem inn i butikken, så me må kanskje flytta litt på ting å gjera det meir lyst og ope, seier Veivåg.

Ut i permisjon

I tillegg til nye gule skilt og ny logo må dei to også bu seg på ny uniform.

- Gult er kult. Det er alltid kjekt med litt fornying, smiler nestleiar Gjerde.

Under nyopninga er det kanskje ho som står som fungerande leiar.

- Linda er gravid og har termin i tida rundt nyopninga, så då er det eg som må ta styringa, smiler Hilde.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det går nok bra, men eg kjem nok innom no og då, og ser korleis det går, og at de kler gult, ler Veivåg.

Endringa av butikkjede får ifølgje dei to ikkje noko å seia for talet på tilsette.