Dei har travle, men morosame dagar kompis-gjengen i Lyse Entreprenør. Jan Einar Strand, Kai Andrè Fyllingsnes og Bård Nævdal er svært godt nøgd med starten dei har fått med sitt nye firma.
Dei har travle, men morosame dagar kompis-gjengen i Lyse Entreprenør. Jan Einar Strand, Kai Andrè Fyllingsnes og Bård Nævdal er svært godt nøgd med starten dei har fått med sitt nye firma.

Frå lys idé til Lyse Entreprenør AS

Det starta som ein god kompisprat i fjor sommar. I dag er Lyse Entreprenør vel etablert i Lyssand-fabrikken med snart sju tilsette.

Trudde du den gamle Lyssand-fabrikken har stått tom sidan nedlegginga tek du feil. Eller, det vil seia: Størsteparten av lokala er framleis mørklagde, men i eit 250 kvm stort lokale i førstehøgda er lysa tent på ny. Her finn du hovudbasen til Lyse Entreprenør AS.

Firmaet har halde hus her sidan august i fjor. Bak firmaet står kompisgjengen Jan Einar Strand, Bård Nævdal og Kai-André Fyllingsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir sett

Sjølv om dei berre har halda det gåande i litt over eit halvt år har gutane i Lyse Entreprenør AS blitt lagt merke til. Ikkje minst takk vere avtalen om brøyting av alle fortauga på fylkesvegane i Os.

- Det er nok ein del som har sett oss ute og køyra denne vinteren. Me har to brøytebilar som stadig er parat. I tillegg har me tre i back-up når det krevst som mest, slik det var nokre netter denne veka, seier Jan Einar Strand.

- Ja, denne veka var heftig. Natt til onsdag hadde me vel fem bilar ute på ei og same tid, supplerer Bård.

Jan Einar Strand vedgår at han er ein liten "tallnerd". Men nitidig arbeid med innhenting av prisar og utrekning av utgifter har gjort firmaet svært konkurransedyktig i andbodskampane.
Jan Einar Strand vedgår at han er ein liten "tallnerd". Men nitidig arbeid med innhenting av prisar og utrekning av utgifter har gjort firmaet svært konkurransedyktig i andbodskampane.
Lyse Entreprenør AS starta med å kjøpa ein Ford Ranger av dette slaget. I dag har dei to, samt tre andre brøytebilar som dei hankar inn når vintervêret står på som verst.
Lyse Entreprenør AS starta med å kjøpa ein Ford Ranger av dette slaget. I dag har dei to, samt tre andre brøytebilar som dei hankar inn når vintervêret står på som verst.

Ein annan grunn til at folk kanskje har fått med seg namnet på firmaet er reklamefilmen dei nyleg la ut på Facebook.

- Den har teke heilt av. No er me vel oppe i 60.000 treff, og ikkje veit eg korleis den har nådd slike mengder, humrar Jan Einar.

- Det er berre reklame, men Varde Film har gjort ein veldig bra jobb. Det skal dei ha, legg han til.

Utfyller kvarandre

Då trioen starta opp, var utgangspunktet å satsa på betong- og grunnarbeid. Etter kvart har det bala på seg.

- Me ville jo ha fleire bein å stå på, så då høvet for å ta brøytejobben dukka opp, var det berre å hiva seg uti det. Til no har me klart å kombinera dei to felta fint, seier Kai André.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er utdanna forskalingssnekkar og firmaets ekspert på dette området.

I lag med allsidige Bård tek han seg av det meste ute i felten, medan Jan Einar har ansvaret for det administrative.

- Me utfyller kvarandre ganske godt. Jan Einar er også ein del ute i felten, men han er også ein hund med tal, utrekningar, kalkylar og det og få i land avtalar. Han er også firmaets daglege leiar, seier Bård og Kai André.

Løyve frå damene

Då gutane starta opp, var dei godt førebudde på lange dagar og mykje jobb. Det var også trioens betre halvdelar.

- Me må få skryta av damene våre. Utan støtte frå dei kunne me aldri ha sett i gang med noko slikt som dette. Dei gav oss startløyve til å gå i gang med prosjektet, og er innforstått med at me må jobba mykje no i oppstartsfasen.

- Og kor lenge varer oppstartfasen?

- Haha, gutane ler og ser på kvarandre.

- Nei, skriv ei god stund. Me er førebudd på det. Det vert ikkje vanleg åtte til fire-jobb på oss med det første, ler trioen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekspanderer

At dei har gjort mykje rett den første tida er det liten tvil om. Alt no er firmaet i ferd med å dobla talet på tilsette, og vel så det.

- Me har alt to personar inne som jobbar litt for oss. Dei får antakeleg fast jobb til sommaren. I tillegg tilset me to til no ved inngangen til mars. Dei skal jobba spesifikt med veg og hage, seier Jan Einar.

- Så de tek jobbar innanfor det segmentet også?

- Ja, me tek i grunnen det meste. No skal me bli totalentreprenørar på grønt og betong-arbeid, så får me sjå med tida. Kanskje vert me entreprenørar på bustadprosjekt også, held Jan Einar fram.

Må utvida

Gutane har funne seg godt til rette i den gamle Lyssand-fabrikken, men alt eit halvt år etter oppstart ser dei at dei 250 kvm dei har til disposisjon er blitt for lite.

- Me treng meir lagerplass og innandørs parkering til bilane våre. Mest av alt har me lyst til å bli i bygget her, så me prøver å få til ein deal med eigarane om å få overta nabolokala her i nordenden. Dei er langt større og litt meir eigna for vår bruk, seier gutane.

- For dette er eit firma som er starta for å veksa seg stort?

- Hehe, ja, me hadde ikkje sett for oss at me skulle veksa så fort no i starten, men på sikt...jaudå, klart det, smiler entreprenør-kompisane.