Frå Kongo til Fusa
Det er ikkje berre frå Syria folk kjem for å sleppa unna vald og forfølging. For dryge to månader sidan kom ein liten familie frå Harare i Zimbabwe til Fusa.
Vindaugo er dekka for med tjukke gardiner denne kalde kvelden. Innanfor er stova og kjøkenet opplyst av ei lyspære over nakne vegger. Midt i rommet står omnen som sprakar og knitrar livleg. Ein eller annan stad i leilegheita ringjer noko som må vera ein skype. Elles er alt stille.
- Quel est le nom de votre village place a Congo? Kva heiter landsbyen i Kongo, spør tolken vår, Ulf Lie, pensjonert professor i amerikansk litteratur, no buande i Strandvik. Dieudonne Matabaro (22) og mora Marie Salufa (36) snakkar helst fransk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Historia deira pendlar att og fram mellom spørsmål og svar, og finn vegen gjennom tolken og ned på skriveblokka.
Barneklede
Plassen er ein landsby med om lag 1.000 innbyggjarar i provinsen Sør-Kivu på grensa til Rwanda og Burundi. Marie vart gravid med Dieudonne då ho var 14 år gamal. Mannen hennar jobba i eit bygg eigd av hjelpeorganisasjonen CARITAS. Marie var heimeverande, sydde og strikka barneklede. Dieudonne var på skulen og var ute og spelte fotball med kompisane i fritida.
På 80-talet var statsmakta til stades. Det som no kallar seg for "politi" kunne heller kallast "bandittar".
- Politiet gjekk med machete og truga folk på markene. Om ein ikkje fann seg i å hausta mat til dei, fekk ein strupen skoren over, fortel dei.
Fire dagar
I byen budde det mange flyktningar, tutsiar, som hadde flykta frå nabolandet. Stadig kom det folk ut frå bushen som stal, drap og valdtok små jenter.
- Om det var "rike" folk i byen, var det endå større sjanse for at grupper gjekk til åtak, fortel dei.
Etter at ektemannen vart drepen som ei følgje av etnisk konflikt, gjekk det nokre månader før dei bestemte seg for å flykta. Ein katolsk pater hjelpte til. Dei brukte fire dagar å reisa frå Kongo, gjennom Zambia og til flyktningeleiren utanfor Zimbabwes hovudstad Harare.
Dei var tre stykke som budde i det vesle huset dei fekk: Mora, sonen og ei tante.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter ei stund vart Dieudonne tilknytt ein frisørsalong i Harare.
-Eg måtte tørrtrena på meg sjølv, fortel sonen.
Det var for langt å reisa, så Maria var berre sjeldan på besøk.
Krokodillar
Det var steikvarmt i leiren som hyste 8000 personar.
- Det var fredeleg. Me var frie, men hadde ikkje noko å bruka denne fridomen til, fortel Marie.
Leiren låg i eit villmarksområde, der ville oksar og elefantar kunne ta seg inn.
Me spør om det ikkje var farleg.
- Ikkje om ein sat heilt i ro.
Artikkelen held fram under annonsen.
Småborn som leika ved elva mista både hender og føter grunna krokodillar.
Det skulle gå fem år før dei to kom seg vidare.
Kaldt!
Grunna Dieudonne sine hjarteproblem, vart den vesle familien plukka ut til kvoteflyktningar på medisinsk grunnlag. Reisedagen var 22. september i år. Flyreisa gjekk via London, til Oslo og Bergen. Dei vart henta på Flesland og flytta inn i kjellarhusveret med adresse Leitet i Eikelandsosen.
- Kaldt, svarar begge når me spør kva dei la merke til då dei kom til Fusa.
Når Dieudonne og Marie svarar på spørsmåla snakkar dei lågt. Det er tolken som gjer oss merksame på at no irettesetter den eine den andre for å snakka i munnen på den andre. Gjenskinet frå omnen flakkar over veggene der det enno ikkje er hengt opp noko.
Dei fortel at tanta dei budde saman med i flyktningleiren er blitt sjuk. Men sjansane for å få ho hit er små.
På eit fortau i Bergen
Lie fortel om då han køyrde dei til Bergen for ein månad sidan. Det har han gjort mange gonger sidan. Denne gongen skulle dei mellom anna til ein butikk i Nygårdsgaten som sel utanlandske daglegvarer som ein ikkje finn i kjedebutikkane.
- Me gjekk forbi det gamle rådhuset, og passerte to damer med afrikansk utsjånad. Etter 30 meter snudde alle seg, og då viste det seg at dei var frå Kongo, dei også. Det var ganske pussig, fortel Lie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit minstemål
Det er eit einsamt liv. Dei har kontakt med to frivillige, dei andre flyktningane har dei mindre kontakt med. Dagane går med til språkundervising og lite anna. Helst ville dei hatt ein jobb så dei kunne praktisera norsk, men då må eit minstemål av det nye språket vera på plass. Og det er det ikkje enno, fortel Lie.
Har dei då noko håp for framtida? Han vil studera juss. Ho vil bli sjukepleiar.
- Eg vil gjera noko for Noreg, for no er Noreg mitt land, avsluttar Dieudonne.