Ny kontakt: – Målet er at folk flest ikkje skal merka denne overføringa av oppgåver. Det viktigaste er at om du vil finna informasjon om eller melda ifrå om feil på ein fylkesveg, så er det oss i fylkeskommunen du skal kontakta, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Frå 1. januar 2020 tek fylkeskommunane over totalansvaret for fylkesvegane

Vestland fylkeskommune skal stå for mellom anna både bygging og drift av 5.600 kilometer fylkesveg.

– Målet er at folk flest ikkje skal merka denne overføringa av oppgåver. Det viktigaste er at om du vil finna informasjon om eller melda ifrå om feil på ein fylkesveg, så er det oss i fylkeskommunen du skal kontakta. Trafikkmeldingar vil ein framleis finna gjennom vegtrafikksentralen, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.

– Historisk samarbeid

Vestland fylkeskommune skal etter nyttår ha det daglege ansvaret med planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Til no har Statens vegvesen gjort dette på oppdrag frå fylkeskommunen som vegeigar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Statens vegvesen skal framleis yta tenester til fylkeskommunen i arbeidet med beredskap og overvaking av vegane gjennom vegtrafikksentralane. Det vil også vera noko samarbeid om driftskontraktar for brøyting og strøing av veg, seier Grethe Vikane, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Statens vegvesen skal framleis ha ansvar for riks- og europavegnettet, men den regionale inndelinga av Vegvesenet opphøyrer, og blir organisert i divisjonar.

Statens vegvesen vil også gjennom vegtrafikksentralane framleis ha ansvaret for å overvaka vegnettet. Det vil også vera noko samarbeid mellom Vegvesenet og Vestland om drift, vedlikehald og beredskap.

Fakta om fylkesvegnettet

- Det er ca. 5600 km med fylkesveg i Vestland

- I 2018 brukte Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune til saman 1,44 milliardar kroner på investeringar knytt til fylkesvegnettet.

- Fylkeskommunane forvalta i 2018 omkring 1,75 milliardar kroner til drift, vedlikehald og ferjedrift på fylkesvegnettet.