Mann i 70-åra køyrd til sjukehus etter å ha blitt påkøyrd i Os sentrum
— Meldinga inn til oss sa at fotgjengaren blei kasta gjennom lufta etter å ha blitt påkøyrd.
Det opplyste operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen, søndag.
Hendinga blei først opplyst om på X (tidlegare Twitter). Meldinga skal ha kome inn nokre minutt over klokka 13 søndag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ulukka blei først meld å ha skjedd i Torggata, men Dahl-Michelsen seier at det nok ikkje er heilt presist.
— Det ser ut til å vera Hatvikvegen, ja.
Dahl-Michelsen fortalde søndag at det er ein mann i 70-åra som vart påkøyrd.
— Meldinga inn til oss sa at fotgjengaren blei kasta gjennom lufta etter å ha treft bilen. Mannen vart henta av ambulanse, og køyrd rett til sjukehuset. Han var vaken og medviten.
Heilt oversikt hadde ikkje politiet skaffa seg per då.
— Føraren av bilen er på staden og blir avhøyrd no, sa Dahl-Michelsen.