I morgontimane fall det nokre centimeter snø, men hovudvegane vart raskt brøytt.
I morgontimane fall det nokre centimeter snø, men hovudvegane vart raskt brøytt.

Første snøfallet

Natt til 22. november kom den første snøen. Ein bil hamna i grøfta i morgontimane.

Onsdag morgon vakna folk i Os og Fusa opp til kvitt på bakkane. Brøytemannskap var tidleg ute og brøytte, men rakk ikkje alt alle stader før folk skulle på jobb.

– Det var ein bil som ikkje tok styring pga. mykje slaps i vegen. Det var det me kallar skikkeleg drittføre, s

Artikkelen held fram under annonsen.

eier Petter Sagstad i Fusa AUTO. Dei tek 90 prosent av redningsoppdraga i komunen.

Uhellet fann stad mellom Eikelandsosen og Ådland og vart meldt inn ca. kl 7.40.

Våt kveld og vindfull torsdag

Ifølgje vêrvarslarane kjem ikkje snøen til å liggja særleg lenge. Temperaturen er alt i ferd med å stiga og Yr.no og Storm er båe einige i at kvelden blir av det våte slaget.

Sentralt på Os smelta snøen nesten før han var landa, men brøytebilar var likefullt i sving med å fjerna det vesle som kom.
Sentralt på Os smelta snøen nesten før han var landa, men brøytebilar var likefullt i sving med å fjerna det vesle som kom.

Mellom klokka 18 og 24 i kveld er det venta mellom 13 og 18 mm regn, og endå meir utover natta.

I morgon er det vêromslag og meldt 10 varmegrader og kraftig vind heile dagen. Ut mot kvelden kan vindstyrken koma opp i 20 sekundmeter frå sør.

ol@osogfusa.no