Første dag i ny jobb
Den erfarne rektoren og tidlegare kommunalsjefen Per Olav Sørås hadde tysdag sin første dag som fagleiar for skular og barnehagar i Os.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag fekk Sørås omvising på rådhuset, der han no har sin nye arbeidsplass. Han vart også helst velkomen av fung. ordførar Marie Bruarøy.
- Som fagleiar for skule og barnehage vert han høgre hand for kommunalsjef Line Rye. Med den kunnskapen og erfaringa han sit på, vil han vera ein stor ressurs for kommunen, seier Bruarøy.
Sørås helste på nye kollegaer, men også gamle kjende. Som rektor på Kuventræ skule i ei årrekkje vart det ein del turar ned på rådhuset.
- Det er dette eg kan best
No har han vore kommunalsjef for skule og helse i Austevoll ein periode.
- Eg er glad for den erfaringa, men gler meg no meir til å jobba berre med oppvekstfeltet. Det er det eg kan best, og som passar meg best, seier Sørås.
Han er også med i eit rettleiarteam ved Læringsmiljøsenteret (Universitetet i Stavanger).
- Eg gler meg til å jobba i eit team med dyktige kollegaer. Rådgjevar-arbeidet passar fint inn i denne stillinga, der eg vil ha nær kontakt både med skuleleiing og barnehageleiing.
- Er det noko spesielt du ønskjer å få gjennomført?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, kvar skule er unik og må utviklast på eigne premissar. Eg har stor respekt for dei tilsette ved kvar skule og det arbeidet dei gjer. Samtidig vil eg vera med og støtta opp om opplegg som skal vera felles for heile skulesektoren som "Prosjekt betre læringsresultat", seier Sørås.
Frå tre timar til 10 minutt
Noko anna osingen set pris på er å sleppa tre timars dagleg pendling til nabokommunen i vest.
- No blir det som i gamledagar att med fem minutt til jobben. Det skal bli deilig, seier Sørås.
Han har to dagar att på Austevoll der han skal gje opplæring til sin etterfølgjar, før han kjem tilbake til Os kommune for fullt.