Første båt redda
I halv to-tida redda betjentar frå Os lensmannskontor og brannvesenet ei Pioner-jolle som heldt på å søkka ved gjestebrygga i Os.
- Så langt i dag har det faktisk vore ganske roleg, så då me såg denne jolla her som var i ferd med å gå under, hadde me kapasitet til å redda han opp på land, fortel politibetjent Kjetil Hansen ved Os lensmannskontor.
Han fortel at dei har relativt stort mannskap med politi som er ute og patruljerer denne forblåste ettermiddagen i Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er på vakt og patruljerer der me ventar stormen vil ta hardast. Dei siste meldingane går ut på at det er først i 16.00-tida at stormen «Tor» er på sin topp i våre område, så me får vera parate og følgja med, seier Kjetil Hansen.
Han la til at dei i tillegg til mannskapet som var på vakt, hadde folk i bakhand.
- På slike dagar må ein vera førebudd på alt. Me har fleire folk i beredskap dersom det skulle skje noko som krev større mannskap, seier Hansen.