Forlenger skøytetelt-suksessen
Medan osingane ventar og ventar på at sprengkulden skal gje gode skøyteforhold, let Os kommune si erstatning vara også i januar.
I desember månad har små og store born kunne gle seg over skøytelivet sjølv om mildvêret stort sett har dominert. Skøyteesset Sverre Lunde Pedersen opna teltet på telthusplassen, og mange har nytta tilbodet i løpet av julehelga.
Stor suksess
Måndag kom gladmeldinga frå Os kommune om at dei vidarefører tilbodet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ei stor gleda å kunna melda at skøytebanen i Os sentrum vert open i heile januar óg, seier Kjetil Osablod Grønvigh i kultureininga. Han gjev skryt til både utleigaren av teltet og næringslivet på Osøyro generelt.
- Tiltaket har vore ein stor suksess. Og det er takk vere ein velvillig teltutleigar og næringsdrivande i Os sentrum at me no kan yta dette tilbodet ein månad til, seier Osablod Grønvigh.