Føreslår nye opptaksområde for skulane i Os: Kvar skal dine born gå?
Tysdag handsamar Os kommunestyre ei forskrift som seier kva opptaksområde skulane i Os skal ha. Sjå kva skule dei ulike områda tilhøyrer.
Når ny skule «aust om elvo» står klar, vert det endring i opptaksområda for Halhjem barneskule, Lunde barneskule, Kuventræ barneskule, Os barneskule og Hegglandsdalen barneskule. Endringa vert handsama i samband med revisjon av Skulebruksplan Os kommune 2010–2020 i Os kommunestyre sitt møte tysdag, og vert regulert av «Forskrift om opptaksområde i Os kommune».
I forskrifta legg ein til grunn følgjande endringar i opptaksområda til skulane:
Artikkelen held fram under annonsen.
• Ny skule «aust om elvo»: Opptaksområdet tek opp i seg Hegglandsdalen skule. Elles områda «aust om elvo» med unntak av Finnebrekka, Orrebakken og Gamle Finnebrekka.
• Os barneskule og Kuventræ barneskule: Opptaksområdet til Os barneskule tek opp i seg Kuvågen.
• Halhjem barneskule og Lunde barneskule: Det vert ei mindre endring i Lunde barneskule sitt opptaksområde. Grensa mellom Lunde barneskule og Halhjem barneskule vert trekt noko mot Halhjem. Med dette får Lunde barneskule litt fleire elevar.
• Lysekloster barneskule: Ingen endringar i opptaksområdet.
• Nore Neset barneskule: Ingen endringar i opptaksområdet.
• Søfteland barneskule: Ingen endringar i opptaksområdet.
• Søre Øyane barneskule og Strøno barneskule: Ingen endringar i opptaksområdet.
Opptaksområda for ungdomsskulane i Os, er som tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen høyringsuttalar
I Opplæringslova §8-1 går det fram at grunnskuleelevar har rett til å gå på «den skulen som ligg nærast» eller «ved den skulen i nærmiljøet dei soknar til». Vidare heiter det at kommunen kan gje forskrifter om kva for skule dei ulike områda i kommunen soknar til.
I Os kommune kan føresette søkje om skuleplass ved ein annan skule enn nærskulen. Skulane sin kapasitet og prognose for elevtal blir lagt til grunn for inntak, går det fram av forslaget til ny forskrift.
Forskrift om opptaksområde for skulane i Os er handsama av Styringsgruppa for Skulebruksplanen. Forskrifta har vore ute på høyring med høyringsfrist 7. september 2018.
– Det er ikkje kome inn høyringsuttalar til forskrifta, heiter det i sakspapira til kommunestyret.
camilla.kvamme@osogfusa.no