Rådmann Berit Fløisand presenterte budsjettnotatet sitt på kommunestyremøtet i Fusa i førre veke. Assisterande rådmann Elisabeth Farstad til venstre.
Rådmann Berit Fløisand presenterte budsjettnotatet sitt på kommunestyremøtet i Fusa i førre veke. Assisterande rådmann Elisabeth Farstad til venstre.

Føreslår endringar i eigedomsskatten

Rådmann Berit Fløisand meiner ordninga med fritak frå eigedomsskatt til eigarar av nye bustadhus, bør avviklast.

Koalisjonspartia Ap, Frp, KrF og V har sagt at dei vil arbeida for at eigedomsskatten i Fusa ikkje vert auka. Men i budsjettnotatet som vart lagt fram for kommunestyret i førre veke, føreslår rådmann Berit Fløisand å avvikla ordninga som gjev fritak frå eigedomsskatt til eigarar av nye bustadhus. Dette vil gje 500.000 kroner meir i kommunekassa (årleg) i heile økonomiplanperioden.

- Ordninga var i utgangspunkt tenkt retta mot éi spesiell gruppe, men slår altfor vilkårleg ut, påpeika Fløisand i møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik ordninga er i dag, får eigarar av nye bustadhus fritak frå eigedomsskatt i ti år. Ordninga gjeld ikkje fritidshus.

Som eit alternativ til det tilrådde tiltaket, føreslår rådmannen å redusera talet år det vert gjeve fritak for nye bustadhus. Kva kommunen kan tena på ei slik ordning, kjem i så fall an på kor mange år fritaksperioden vert redusert med.

I budsjettnotatet synleggjer rådmannen også kva ei auke i eigedomsskatten kan ha å seia for kommuneøkonomien. Ei auke på 1 promille, det vil seia frå 2 til 3 promille, vil gje 2,5 mill. meir i kommunekassa, medan ei auke på 2 promille - frå 2 til 4 promille - gjev Fusa kommune 5 mill. kroner meir å rutta med i året.

Har heilskapsbrillene på

Rådmannen understrekar at oppgåva hennar er å levera eit budsjett i balanse. I formannskapsmøtet 22. september fekk ho klarsignal frå formannskapet om at ingen av tenesteområda skulle skjermast.

- Som rådmann kjenner eg at tiltaka smertar. Det har ikkje vore enkelt for nokon av oss. For å sitera ein av einingsleiarane i kommunen: Eg har vrengt sjela mi for å arbeida inn dei tilrådde tiltaka, sa Fløisand.

Årets budsjett handlar ikkje berre om å gå i null. Det handlar også om å skaffa kommunen det handlingsrommet ein ønskjer, ikkje berre i 2016, men i heile økonomiplanperioden.

Om alt går etter planen, vil disposisjonsfondet som i dag er tomt, innehalda 5,6 mill. kroner ved økonomiplanperiodens slutt.

- Likevel er vi langt frå der vi var for 8-10 år sidan, påpeika Fløisand.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til endringane i eigedomsskatten, føreslår rådmannen å auka gebyr og avgifter med 2,7 prosent. Det er det same som pris- og lønsveksten i statsbudsjettet for 2016.

I lista over innsparingstiltak går det fram at gebyr knytt til feiing/tilsyn, slamtømming og vatn skal ha full kostnadsdekking. Det vert òg lagt opp til ny sats for foreldrebetaling i barnehagane, auke i kaiavgifta og sjølvkost for tryggleiksalarmar.

- Drifta er problemet

Dei føreslåtte endringane i skulestrukturen i Fusa (redusera talet på barneskular med to frå 2016, og éin barneskule frå 2018), får ikkje berre konsekvensar for skulane sitt driftsbudsjett. Fleire andre einingar sparar pengar som følgje av endringane.

Rådmannen meiner også at ei endring i barnehagestrukturen er på sin plass, dersom grunnskulestrukturen vert endra.

- Men dette må utgreiast først, sa ho.

Også innanfor heimetenestene ser ein føre seg ei omorganisering. Endringa, som først kan finna stad i 2017, har eit innsparingspotensial på 450.000 kroner per år.

Å redusera publikumstenestene i Kommunetunet (146.000 frå 2017), tilbodet på dagsenteret for eldre (351.000 frå 2017) og dagsenteret for folk med psykiske helseplager (118.000 frå 2017), samt styrt ferieavvikling i barnehagane (132.000 frå 2017), er andre aktuelle tiltak. Det same er å avvikla kyrkjetransporten til julegudstenesta (40.000 kroner) og å avvikla lærlingplassen i undervising-/barnehageeininga (368.000 frå 2017).

Ifølgje Kommunebarometeret for 2015, er nøkkeltala i Fusa langt betre enn inntektene skulle tilseia. Slik har det vore dei fem siste åra. Alt i alt vert situasjonen i kommunen oppsummert slik: «Korrigert netto driftsresultat var elendig i fjor, for andre gong på tre år. Halvparten av disposisjonsfondet forsvann. Drifta er problemet - gjeldsnivået er under middels og investeringane låge.»

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det må gjerast omfattande grep for å få budsjett og økonomiplan i balanse. Vi brukar årleg meir pengar enn vi har inntekter til, sa Fløisand.

Onsdag møtast formannskapsmedlemene (pluss Venstre sin representant) til budsjettkonferanse på Tønnegarden i Fusa.

Veka etter, onsdag 25. november, skal både budsjettet og skulestruktursaka handsamast i formannskapsmøtet på Kommunetunet.