Foreldre slepp å betala for koronastengte barnehagar og SFO
Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengt på grunn av koronautbrotet, opplyser kunnskapsminister Guri Melby (V).
Barnehagane og skulane er stengde på grunn av virusutbrotet. Dette har økonomiske konsekvensar for både barnehagar og foreldre, men no har regjeringa bestemt at foreldre skal sleppe å betale, og at barnehagane skal få dekt bortfallet av foreldrebetaling.
Barnehagane skal vidare få utbetalt det vanlege tilskotet frå kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette vil gi barnehagane og SFO i offentlege skular økonomiske rammevilkår som er stabile, og eg forventar at vi unngår permisjonar. Dersom nokre barnehagar likevel skulle permittere tilsette, vil kompensasjon og tilskot bli avkorta, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Tiltaket vil kosta omlag éin milliard kroner, ifølgje tal fra Kunnskapsdepartementet.