Førehandsrøysting på kyrkjekontoret
Valet på nytt sokneråd er like om hjørna, opp ei trapp og inn dørene til kyrkjekontoret på Fjord´n senter. - Måndag 10. august står me klare, fortel informasjonsansvarleg Harald Geir Sæther.
Sjølve valet går føre seg måndag 14. september, same dag som kommune- og fylkestingsvalet. Det er 14 kandidatar som kivar om åtte sete som er supplert av sokneprest og ein representant frå kommunestyret.
- Oppslutnaden i 2011 var på 36%, på landsbasis var oppslutninga 13%, fortel Sæther.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frå sist val kunne medlemer av Den norske kyrkja røysta ved sokne- og bispedømerådsval det året dei fyller 15 år. Ved sist val var det 10% under 18 år som nytta seg av røysteretten.
Prioriteringar
Nytt av året er at ein kan gi inntil tre kandidatar dobbelrøyst ved å kryssa av ved namnet. Dette gjeld begge dei kyrkjelege vala.
Medan kandidatane til bispedømeråd har fått ei liste med spørsmål dei har svara på, har dei i soknerådsvalet for Fusa fått tre spørsmål om kva dei vil prioritera. Kva desse prioriteringane er, vil bli gjort kjent seinare. Men informasjonen om dei ulike kandidatane vil vera tilgjengeleg frå førstkomande måndag på kyrkjekontoret.
Ikkje stenging og sal
Sæther ser ikkje for seg at det er dei tunge teologiske sakene som skil kandidatane. Men arbeidet dei gjer er viktig i den tida kyrkja og soknet er inne i.
- Me er ikkje der enno at det er snakk om stenging eller sal av kyrkjer. Men dei økonomiske rammene me får frå kommunestyret legg føringar på drift av kyrkjer og kyrkjegardar i framtida. Som informasjonsansvarleg for kyrkjevalet i Fusa håpar eg at folket vil engasjere seg og røysta på dei kandidatane dei ønskjer skal vera med i sokneråd og bispedømeråd, avsluttar Sæther.