For nære land i for høg fart
- Med finevêret i går, kom klagar om uvettig vassjet-køyring, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Meldingane kom frå Halhjem, Skeisosen og Os sentrum.
- Klagane gjekk særleg på dette med at det blir køyrd for fort for nære land, seier Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Må følgja reglane
I forskrifta om bruk av vassjet står det at det er tillèt å køyra vassjet om ein held 400 meter avstand frå land på sjøen, og 500 meter frå land i vassdrag. Det er også tillèt å køyra sakte gjennom forbodsbelta for å koma ut til områder kor køyring er lovleg. Då i maks fem knop.
- Ein må følgja reglane slik at ein unngår uheldige situasjonar, seier Hadler-Olsen.