(Arkiv
(Arkiv

- For mykje vald

Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal, seier at det har vore mange valdstilfelle i pinsa, særleg på privatfestar.

- Det har vore tendensar til valdstilfelle i det offentlege rom, men på privatfestar har det vore mykje. Det er mykje alkohol i biletet. På privatfestar kjenner folk kvarandre i utgangspunktet. Det er altså kjende som klinkar saman. Det er synd, seier Dyrdal.

Bot på 16.000 kroner

Valdstilfella i det offentlege rom har ikkje vore i tilknyting til utestadene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har vist bort ein del folk frå sentrum i pinsehelga, men det har vore lite bråk på utestadene. Dei som er blitt vist bort, har stort sett halde seg borte, men nokre har også brote pålegget frå politiet.

Ein mann blei meldt for til saman fire forhold.

- Han fekk klar og tydeleg beskjed om å halda seg unna sentrum, men etterkom ikkje dette. Han er meldt for blant anna forulemping av offentleg tenestemann, som er å hindra politiet i arbeidet, og for ikkje å etterkoma pålegg frå politiet. Han fekk eit forelegg på kroner 16.000. Dei pengane burde han kanskje brukt meir fornuftig, seier Dyrdal.