Folkekrav om at svaneplagarar blir straffa
Etter at to unge menn på vannscootarar vart sett medan dei plaga "Hamnesjefen", krev ei rekkje osingar at dyreplageriet må opphøyra.
Laurdag kveld rundt kl 20.15 gjekk Torill Keys og Dan-Jarle Raustein tur oppover Finnebrekka då dei såg to vannscootarar som køyrde i elva. Paret oppdaga at unggutane var i ferd med å plaga Hamnesjefen.
- Den eine var svært aktiv med å rygga bakover mot Hamnesjefen fleire gonger for å få han etter seg, for deretter å skyta fart for å spruta vatn på han, seier Keys.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho legg til at Hamnesjefen strevde i dei voldsomme vannmassane.
- Han måtte rett og slett kjempa for ikkje å drukna. Hamnesjefen såg heilt utsliten ut då me kom ned til elva, fortel ho.
Ber vitne om å stå fram
Dei varsla politiet, som stilte opp både med bil og båt og tok signalementet til dei to personane. Torill Keys ber osingar som såg dyreplaginga om å melda frå til politiet, slik at det kan bli ein slutt på slik framferd.
- Det er dessverre ikkje første gongen noko slikt skjer. Ifølgje eit vitne eg snakka med køyrer dei gjerne ut av elva i 50 knop. Er det nokon som veit noko må dei seia i frå, før dette går skikkeleg gale, seier ho.
Hendinga har ført til kraftige reaksjonar i sosiale medier, og mange krev at dyreplageriet vert straffa.