(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Flytande hjort og tømmerstokkar

Ein flytande hjort og fleire flytande tømmerstokkar var noko av det brannfolka i Os fekk bryna seg på i går.

I går kveld fekk Os lensmannskontor melding om ein flytande hjort i Vargavågen.

- Slike jobbar er det Os brann og redning som tek seg av. Kadaver som dette må sjølvsagt fjernast, fortel Rune Fimreite ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os hamn var brannfolka i går kveld også i aksjon for å fjerna nokre tømmerstokkar som låg og sperra for båttrafikken.

Køyrt heim

Ein yngre mann vart halv eitt natt til tysdag observert sitjande å duppa på ein busstopp ved AMFI Os. Politiet oppsøkte mannen.

- Han verka ok og var i grunnen i stand til å ta vare på seg sjølv, men tenestefolka våre køyrde han likevel heim der han bur, fortel Fimreite.