På medlemsmøtet i Os Arbeidarparti fortalte Åse Vaksinen Sælensminde mellom anna om planane for det nye akuttmottaket for flyktningar på Landås.
På medlemsmøtet i Os Arbeidarparti fortalte Åse Vaksinen Sælensminde mellom anna om planane for det nye akuttmottaket for flyktningar på Landås.

- Flyktningane kjem, anten vi liker det eller ikkje

- Os kommune kan ikkje forventa at alle andre kommunar skal stilla opp for flyktningane, men ikkje gjera noko sjølve.

Det sa Åse Vaksinen Sælensminde frå Norsk Folkehjelp då ho vitja medlemsmøtet til Os Arbeidarparti torsdag.

Så langt har Os kommune berre sagt ja til å busetja 15 flyktningar i året i tida som kjem. 15. desember skal flyktningspørsmålet opp i kommunestyret på ny.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg meiner ikkje at Os skal ta i mot 100 flyktningar i året, men på Askøy snakkar ein faktisk om å ta i mot tusen, påpeika Sælensminde.

Ho rådde arbeidarpartipolitikarane om å prøva å påverka opinionen, både blant innbyggjarane i Os, og ikkje minst, blant kommunestyrerepresentantane.

- Er det vilje til å ta i mot flyktningane, så klarer ein også å finna husrom til dei, sa ho.

- Uroa for dei ekstreme kreftene

Sjølv er Sælensminde - som regionsekretær i Norsk Folkehjelp - fullt oppteken med å etablera eit akuttmottak for flyktningar i den gamle lærarskulen på Landås. 3. desember kjem dei 300 første.

- Mottaket er godkjent for over 500 personar. Vi veit ikkje kven som kjem, men vi skal ta godt i mot dei. Ei god mottaking vil vera med på å dempa eventuell misnøye, både frå flyktningane sjølve, men òg frå naboar, sa Sælensminde.

Osingen seier at ho forstår skepsisen til det som hender, men fortel samstundes at ho er meir uroa for dei ekstreme kreftene, dei som tenner på asylmottak i Sverige, enn for flyktningane.

- Flyktningane vil, nett som oss, ha fred, ro og tryggleik for sine eigne. Eg trur vi kan få eit veldig godt forhold til dei, påpeika Sælensminde.

- Kva ville du ha gjort?

Med seg på møtet hadde Sælensminde Inger Sandberg, også ho frå Norsk Folkehjelp. Sandberg bad arbeidarpartimedlemene om å ta seg tid til følgjande vesle tankeeksperiment:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korleis ville eg ha reagert dersom eg var i same situasjon som dei syriske flyktningane?

Borgarkrigen har vara i snart fem år. Av dei omlag 22 millionar innbyggjarane er mellom 8 og 9 millionar menneske driven på flukt innanfor landegrensene. I tillegg har 4 millionar menneske flykta til nabolanda, det vil seia til Libanon og Tyrkia.

- Politikarane seier heile tida at vi må hjelpa flyktningane i nærområda, men Libanon er eit bittelite land på storleik med Aust-Agder fylke. I tillegg er dei politiske konfliktane i landet store, fortalte Sandberg.

Libanon har i utgangspunktet 4,4 millionar innbyggjarar. Dei siste åra har landet, ifølgje Sandberg, teke mot 1,25 millionar flyktningar.

- Leirane i Libanon er overfylte, sa ho.

Sandberg meiner det er heilt naturleg at syrarane legg på flukt.

- Sivilbefolkninga er i ein klinsj mellom ein diktator, president Bashar al-Assad, og nokre galne opprørarar, ISIL. Det er ikkje så rart at dei pakkar snippøskja og dreg, påpeika ho.

Byggja bustader?

Sandberg meiner Noreg er betre rusta enn mange andre land til å ta i mot flyktningane. Ho synest òg det er rart at vi ikkje i større grad diskuterer korleis vi skal få slutt på krigen i Syria.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om ein ikkje finn ei løysing på konflikten, så vil folk halda fram med å flykta, sa ho og la til:

- Sjølvsagt kan det henda at det kjem folk i flyktningstraumen som vi ikkje vil ha her, men vi kan ikkje leggja opp flyktningpolitikken vår etter det. Vi må ha som utgangspunkt at det er bra menneske som kjem. Folk som flyktar frå krig og diktatur. Ville ikkje du ha gjort det same? spurte ho.

Arild Mads Nilsen (Ap) er leiar i kontrollutvalet i kommunen. Han trur det vert utfordrande å busetja flyktningane som kommunen vert beden om å ta i mot.

- Om Os skal ta i mot snittet av dei 100.000 flyktningane ein ser føre seg at kjem, vert det 400 personar. Eg klarar ikkje å sjå korleis vi skal klara det. Då må vi byrja å byggja, sa han.

- Eg trur kommunane vert nøydde til å byggja. Ein kan ikkje berre seia at ein ikkje har plass. Regjeringa må koma med midlar slik at kommunane får høve til å husa flyktningane, meinte Sælensminde.

Gisle Hesjedal er uroa for at den såkalla Frp-retorikken om at alle flyktningar er lukkejegerar skal få for godt fotfeste i Os.

- Dersom det skjer, kan det verta vanskeleg å få aksept for at vi må hjelpa dei som er reelle flyktningar, sa han.